Folkemusikktrioen Gjevre, Odde & Vårdal slepper i sommar sitt tredje album, Horisont. Utgjevinga blir markert med platesleppkonsert under Jørn Hilme-stemnet på Fagernes laurdag 11. juli.

Trioen, med Inge Gjevre på torader, Mads Erik Odde på trekkspel og Vegar Vårdal på hardingfele, har spela saman sidan 2017. Debutalbumet Husklugumt kom i 2020, hausta gode kritikkar og sikra trioen Folkelarmprisen i kategorien dansespel. Oppfølgjaren Vandring kom i 2023.

 Også på Horisont står dansespelet i sentrum, men musikarane ønskjer at musikken skal fungere både på dansegolvet og på konsertscena.

– Hovudsakleg er det dansemusikk vi har spelt inn, med hallingar, springleikar og runddans. I tillegg har vi med nokre lyarslåttar på plata. Vi har heile tida hatt som mål om å ta dansemusikken inn på konsertscena og forma låtane deretter. Det er like mykje lyttbart som dansbart, meiner vi. Plata er av same lest som dei to andre vi har gjeve ut, men denne gongen har vi også eit spor med piano, som Vegar Vårdal meistrar godt, seier Mads Erik Odde.

Materialet er ei blanding av nykomponert musikk og tradisjonsstoff etter mellom andre Jakop Skogum og Ola Opheim.

– Torader, trekkspel og hardingfele er kanskje ikkje den vanlegaste besetninga, særleg ikkje når utgangspunktet er folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen, men vi er tilfredse med lydbiletet vi har og lovar ei gjennomført plate, seier Inge Gjevre.

Albumtittelen Horisont er henta frå ein halling komponert av Vegar Vårdal.

Etter platesleppet på Jørn Hilme-stemnet legg trioen ut på ein mindre platesleppturné med konsertar på Billingen Seterpensjonat i Skjåk 14. juli, Storhøliseter 16. juli og Galleri Ullinsvin 19. juli. I tillegg ventar ei ny konsertrunde i oktober.

– Vi er tilfredse og stolte av produktet vi gjev ut, og håpar det kjem mykje folk på platesleppkonsertane våre og sikrar seg plata vår, seier Vegar Vårdal.

Horisont er spelt inn hos Hallibakken Lydproduksjon i Nesbyen