- Det heile starta med ei dansespeling på Landskappleiken på Røros, og vi var einige om at det var frykteleg artig å spele i lag. Sidan har vi hatt gode resultat i open klasse på Landskappleiken og spelt fleire konsertar. Vi har etterkvart fått bra mengde med repertoar og fann ut at det burde spelast inn», seier primus motor og vagver Inge Gjevre. Han fortel at stoffet er ei god blanding av nykomponert stoff og tradisjonelt stoff etter blant andre Jakup Skogum. Torader, trekkspel og hardingfele er kanskje ikkje den vanlegaste besetninga, særleg ikkje når utgangspunktet er folkemusikk frå Nord-Gudbrandsdalen, men gruppa spelar både vakker og drivande god musikk.