For når eg tenkjer over det, er eg ikkje aleine når eg speler solo. Eg har ein heil armé av folk bak meg. Kvar slått eg spelar på denne utgjevinga, har eg ein spesiell relasjon til. Og eg har også ein relasjon til kjelda, anten det er eit levande menneske eg har vore på besøk hos, om det er ei note eller om det er eit opptak. Bak alle desse skjuler det seg lange rekker av nye kjelder, som alle speler på lag med meg.
Som hardingfelespelar frå Åmli har eg vakse opp mellom to store hardingfeleområde; Setesdal og Telemark. Det har musikken frå heimtraktene mine, med Tovdal som musikalsk sentrum, bore preg av. Og heilt frå eg var lita har eg spelt like mykje spel frå nabostrøka som frå Tovdal, noko som har gjort til at eg stadig har oppdaga nye spelemenn, nye former, nye slåttar, nye område. Denne plata er eit resultat av det.
Når eg ser over slåttelista som er med her, tenkjer eg at tradisjonane eg har vakse opp med rommar mykje. Her er det slåttar med ulik karakter, og her er det både klassikarar og mindre kjende slåttar. Eg har alltid vore glad i små slåttar, og eg synest ikkje dei står noko tilbake for større variantar som finst andre stadar i distrikta.
Ofte må småformene vike dei store på til dømes kappleiksscener aller andre arenaer der ein skal få inn mykje info på kort tid. Men her er det rom for å vise eit større spekter, vise kven eg er og kva eg liker. For meg handlar det å vere hardingfelespelar mykje om å ta val.  Mest av alt betyr det kanskje å velje korleis eg kan spele som meg sjølv samtidig som eg tek vare på det kjeldene mine har jobba fram gjennom mange år. Jakta på meg sjølv som spelemann tek ingen ende. Men utan alle dei som har vore før meg, hadde eg kanskje aldri funne ut korleis eg har lyst til å låte.
/ Johanne Flottorp