Sivert Holmen er ein av dei fremste formidlarane av tradisjonelt slåttespel på hardingfele. Sivert kombinerer klangen og tonen frå det ypparste innan hardingfeleverda med råskapen i Valdresspringaren. Vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp og springarar ein umogleg kan stå stille til, dannar kjernen i uttrykket hans.

Valdres har ein rik og variert hardingfeletradisjon som strekker seg attende til 1700-talet. Kjernen i Valdresspelet er det særmerkte, drivande springarspelet og det melankolske lydarlæte. Gjennom generasjonar har spelemenn lært låttane av einannan, forma dei til sine og levert dei vidare. Nokre låttar lever som danselåttar, mange går i gløymeboka og nokon blir ståande att som deimest spesielle låttane.
AL6A5704-3000.jpg
Foto: Cathrine Dokken

På albumet Jotunheimenkjem ein tett på lyden av Valdres. Ein tanke som har vore der under heile arbeidet med prosjektet er å lage ei hardingfeleplate som er like mykje for dei som sit benka for å høyre hardingfeleklassa på landskappleiken, dei som kjenner ei tilknyting til Valdres og treng noko å hekte tilknytinga på, som for dei som aldri har høyrt hardingfele før. Håpet er å opne opp auga til endå fleire for den mystiske, spennande og klangrike hardingfeleverda.

Sivert har vekse opp med folkemusikken og slåttespelet frå Valdres og begynte med hardingfela då han var sju år. Frå utdanning på Norges Musikkhøgskole har han fått ein brei musikalsk plattform og spiller repertoar som strekker seg frå arrangert folkemusikk, samtidsmusikk til ulike slåttetradisjonar med Valdrestradisjonen som spesialfelt. Han er spelemann i eliteklassa, klasse A, spel hardingfele. Hausten 2015 vart han kåra til «Årets unge folkemusikar» i lag med Bjørn Kåre Odde som duoen Odde & Holmen. I 2016 fekk han Fureprisen og i 2017 Øivind Berghs minnepris.

Filmskaparen Jørn Ranum frå Valdres har laga musikkvideoen Sumarkveld i Jotunheimen rundt tittelsporet kor ein kan drøyme seg vekk i musikken, kveldslyset på Valdresflya og stemninga ein sumarkveld.