Foto Hanne Solheim |
Utøvarane på denne utgjevinga er Marit Karlberg (1967), song, langeleik og lyre, Frank Henrik Rolland (1973), song og hardingfele, og Sigbjørn Apeland (1966), song og trøorgel. Alle tre er velkjende, dyktige utøvarar på kvar sine felt. Dei har arbeidt med folkemusikk i ulike konstellasjonar i omlag 25 år, og vore med på mange ulike innspelingar tidlegare, fleire av dei nominerte og løna med spellemannprisar. Tekstane, formidlinga og innlevinga står i fokus i det musikalske samspelet. Gode, enkle arrangement søkjer å finne fram til kvar song sin eigenart og forsterke denne, tilføre fargar og nytt liv. Samstundes tek musikarane vare på den særeigne, gamle tonaliteten i folkemusikken vår.
Og om du lyttar litt ekstra til fela, kan du høyre melodivariantar frå Hardanger og Nordmøre. Songane har dei funne i folkemusikkarkiv og gamle notenedskrifter, og latt dei få følgje av hardingfele, trøorgel, langeleik og lyre.
Dei har også funne plass til eit par nyskrivne songar, og nokre verdslege julesongar som høyrer julegjestebodet til. I Valdres finn vi ein eineståande sterk folkesongtradisjon som er dokumentert blant anna gjennom Ludvig Mathias Lindeman sine nedskrifter av Kingotonane til Andris Eivindson Vang. Vang kunne føre sin tradisjon fleire slektsledd attende, til Kalvedalspresten og 1600-talet då Kingo reformerte den dansk-norske kyrkjesongen. Kjeldene til songane på denne utgjevinga er Andris E. Vang sjølv og andre samtidige og etterfølgjande songarar frå dei tre øvste Valdreskommunane, Vang, Vestre og Øystre Slidre.
Innspelinga er gjort live, og miksa og mastra hjå Tor Magne Hallibakken. Hanne Solheim har take foto av utøvarane og grafikken på CDen er gjort av Eva Karlson. Utgjevinga er støtta av Norsk kulturfond, Valdres folkemusikklag, Øystre Slidre kommune og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Marit Karlberg –song, langeleik og lyre
Frank Henrik Rolland –song og hardingfele
Sigbjørn Apeland –song og trøorge.