Gunleik vaks opp i Tuddal i Telemark, og lærde der spel av Olav Løndal og Einar Løndal. Seinare har han lærd også av Hølje Wårstulen. Gunleik deltok på mange kappleikar, mellom anna fire landskappleikar, og spela seg opp i klasse A i 1967 i Porsgrunn. I 1967 gifta han seg med Tordis Dalen frå Svene i Numedal og flytte dit. Dei fekk tre born. Gunleik er byggmeister og har hatt sitt eige byggjefirma i 30 år. Dessverre fekk spelemannslivet ein brå slutt i 1972, då han øydela ein finger på venstre handa si. Det var eit stor sakn å måtte leggje vekk fela.

Sigurd er pensjonert banksjef og bonde. I tillegg har han vore ein svært aktiv spelemann med mange oppdrag både her heime og utanlands. Viktigaste læremeisteren var Steingrim Haukjem (1897-1968) frå Veggli. I periodar budde læremeisteren fleire veker i strekk heime hjå eleven for å lære frå seg slåttespel. Særleg åra 1959-60 var Sigurd svært mykje saman med Steingrim og dei reiste ofte på kappleikar rundt om på Austlandet. Gjennom Steingrim fekk Sigurd tradisjonsspel som kan førast attende til forpaktarspelemennene på 1700-talet, så langt attende det er skrive spelemannshistorie i Numedal. Leif Aasane frå Kongsberg har og betydd mykje for Sigurd, både som inspirasjon og slåttekjelde. Men han vitja også spelemenn som Hellik A. Juveli i Flesberg, Halvor og Jon Kåsin i Nore, og har bytt slåttar og spelt saman med mest alle spelemenn i Numedal opp gjennom åra. Spesielt må nemnast Asbjørn Bratås, Arne Olsen, Øystein Ellefsen og Olav Strømmen.