For fire år sidan kom brørne Hans P.og Rasmus Kjorstad med debutplata si, Pusinshi Ulla, på ta:lik. Plata vart kritikarrosa og prisbelønt og dei har spelt over 80 konsertar saman i inn- og utland med musikarar som Anders Røine, Hans Hulbækmo og Torgeir Vassvik. Med dessehar dei også gjeve ut fleire plater, Vassvik - Gakti (Heilo, 2019) og Reolô - Andre Sida (Talik, 2019). I tillegg har dei gjeve ut plater og vore på turnear på kvar si side med band somFrode Haltli Avant Folk, Miman, Billy Meier, Sanskriti Shresta Avatar, Morgonrode og mange fleire. Sistnemnde, Morgonrode, fikk Spellemannsprisen for 2019.

No kjem dei med ny brødreplate, under gruppenamnet Kjorstad Brothers.Hans og Rasmus vaks opp i Sør-Fron i Gudbrandsdalen og har lært tradisjonelt felespel av eldre utøvarar der. Kombinasjonen musikalsk nysjerrigheit, evne til å gå i djubda, studiar ved Norges musikkhøgskule og ei yrande impro-scene i hovudstaden, har gjort dei i stand til å laga si heilt eiga tolking av norsk folkemusikk. Tradisjonelt i vesen, men likevel heilt moderne. Kanskje er det den djupe tradisjonsforståinga som gjer at dei høyrest tradisjonelle ut, sjølv om dei også kan tolkast som heiltmoderne.Arbeidet med albumet starta då dei skulle spela opningskonserten under Motvindfestivalen på Blå i2018.

Plata består stort sett av materiale som dei har lært etter opptak og nedskrifter av songarar frå Fronsbygdene. Dei gode og naturlege melodiane har vore det sentrale, når dei har bestemt segfor repertoar.Dei hentar inspirasjon frå mange ulike kantar av verda og har sydd saman stoffet til ei heilheitleg plate med gjennomført tonalitet og stemning. Instrumentariet i duoen er kraftig utviklafrå den førre plata. I tillegg til feler og vokal spelar dei på langeleikar, fløyter, perkusjon og munnharpe.Den velkjende lydkunstnaren Audun Strype i Strype audio sat bak spakane då plata vart spelt inn i Sør-Fron kyrkje og har også miksa og mastra plata.Musikken kjem ut digitalt, på vinyl og cd.