TA226CD_frontcover_300x300_vol1.jpgHallgrim Berg samarbeidde nært med Hauk Buen i femti år, og fortel levande frå intense kappleikar, konsertar og turnear her heime, i Europa og USA. Forfattaren tek for seg status og  skiftande vilkår for folkemusikken, og korleis opplæring og formidling av tradisjonane har utvikla seg i vårt moderne mediesamfunn.

Hauk Buen (1933-2021) bar med seg av fleire hundreårs kunnskap. Med eit heilt feledynasti Buen og nye talent på tradisjonsvogna i Telemark vil ikkje namna Fykerud og Løndal tærast bort. Med age har Hauk Buen vore med og ført det klassiske slåttespelet vidare. Han har tilført og sett sitt personlege stempel på det. På same viset som han har hatt inspirasjon frå dei fremste kjeldene, vil han sjølv i lange tider vera ein utøvar som yngre spelemenn i inn- og utland kan strekkje seg etter.

Biografien er på 224 sider og er rikt illustrert. Det følgjer med 61 av slåttane frå Hauk Buen sitt store repertoar av opptak i NRK.  Slåttane er plukka ut og omtala av Per Anders Buen Garnås.

Boka får du kjøpt hjå bokhandlarar og frå platekompaniet.no


Kreditliste:TA226CD_frontcover_300x300_vol2.jpg
Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Lydrestaurering og mastering: Per Arne Flø og Terje Hellem
Opptak: NRKs folkemusikkarkiv
Slåtteutval, slåtteomtale, bilettekstar og innsamling av bilete: Per Anders Buen Garnås
Tekst, biografi: Hallgrim Berg
Grafisk formgjeving: Eva Karlsson
Framsidefoto: Sigmund Krøvel-Velle
Foto CD vol. 1: Sigmund Krøvel-Velle
Foto CD vol. 2: Harald B. Knutsen
Språkleg gjennomgang: Aud Søyland
Trykk: Print in Baltic 2022
Økonomisk støtte: Norsk kulturråd, Kongsberg kommune, Småjondølene dansarlag, Bøheringen spelemannslag, Telemark fylkeslag