Kari Grøsland (f. 1977) Ann Kristin Odnes (f. 1975), Synne Grothe
(f. 1975) og Astrid Sulheim (f. 1977) er fire venninner som er dyktige
enkeltvis og som likar å spela saman. Og det har dei til fulle vist
gjennom mange toppresultat frå kappleikar.
Trass sin unge alder har Tufskrøkjun ei lang fartstid. Synne og Ann
Kristin stilte for fyrste gong på Distriktskappleiken på Åndalsnes i
1993, da som duo. Kari vart med like etter. Dei tre samla spelte så
på Distriktskappleiken på Tynset i 1995. Astrid Sulheim kom med i
2013. Fyrste landskappleiken dei var med på var i 1996, i Vågå.
Dei har delteke årvisst sidan. Tufskrøkjun gjekk til topps i Gruppespel
fyrste gongen i 2007. Heile seks gonger har dei vunne Landskappleiken,
deriblant dei tre siste. Dei har òg delteke på Nordisk
meisterskap i Sälen.
Gruppa har spelt mykje til dans – både til dansarar på kappleik
og til dans elles. Dei har vore trufaste deltakarar på Folkemusikktreffen
og Vågåtreffen i mange år og har delteke på ei mengd
konsertar.
Tufskrøkjun spelar mest slåttespel frå Nord-Gudbrandsdalen og
aller helst springleik. Hovudtyngda av repertoaret er frå Vågå og
noko frå Lom. Viktige kjelder for musikken er Jakob Skogum, Pål
Skogum,
Ola Eide, Erling Kjøk, Knut Kjøk, Reidar Skjelkvåle, Hans
H. Holen og Ola Opheim.
Tufskrøkjun er bevisste på å hente fram eldre slåttar, samstundes
som dei evnar å forme dei og tilpasse dei til nyare samspelformer.
I samspelet nyttar Tufskrøkjun «grovt og grant», sekundering og
smakfulle arrangement for å fargeleggje.
Personleg har eg hatt gleda av å ha felespelarane frå Vågå og
Sel med i Vågå Spelmannslag i mange år. Kari og Ann Kristin òg i
Juniorspelmannslaget. Ein skjønte svært tidleg at dette vart dyktige
utøvarar!
Denne CD-en osar av kvalitet på alle vis – så nyt musikken!
/ Trond-Ole Haug