Jakup var fødd i Lom kommune og døydde i Skjåk. Lom kommune vart delt i Lom og Skjåk i 1866. Ruvande spelmenn var det før Jakup si tid au, ikkje minst Ole Jørgensen Vangje (1748–1811), ofte kalla Spelmann-Vangjen. Sjugurd Hjeltartredet (1810–1889), i ettertid gjerne kalla Gamel-Sjugurd, var skreddar og storspelmann som faren Lars. Han kom til å bli den fyrste verkelege læremeisteren for Fel-Jakup, og Jakup fekk au fyrste fela frå han. Fel-Jakup var fødd utanfor ekteskap og voks opp i fattigdom. Han kom på legd, og rømde frå heimbygda over til Lesja og heilt til Trondheim. Han farta mykje rundt i landet, dels saman med den legendariske Karl fant, truleg Karl Johansen Rosenberg (ca 1775–ca 1855). Han vart kjent og kjær som storspelmann og var mykje etterspurd på dansefestar og i samkomer rundt omkring. Det er sagt at han spelte for Ole Bull. Bull skal ha sagt at Myllarguten var best til å laga slåttar, men Jakup var den beste spelmannen. Han vart ein viktig tradisjonsberar, samstundes som han var ein viktig formidlar av nyare slåttetypar, t. d. vals, og innførte ein meir teknisk spelestil. Ingen av barna vart spelmenn, men den yngste jenta, Kari, var svært musikalsk og hulla slåttar etter faren, mellom anna for Rikkar Skjelkvåle.

Torkjell Auale (1863–1940) var 13 år da Fel-Jakup døydde og høyrde difor han lét. Han lærde au «leikje» av Jakup. Både han og Hans Skamsar (1884–1963), ein annan sentral spelmann i tida etter Jakup, var i Amerika ei tid. Der kom dei i lag med spelmenn frå andre stader i landet, og særleg Torkjell hadde med seg fleire slåttar lært av storspelmannen Jon Bolstad frå Stryn. Hauge-rørsla stod sterkt i Skjåk, og difor var det ikkje alltid berre greitt å vera spelmann, for felelæte vart sett på som syndig. Likevel såg mange mellom fingrane når det galdt Fel-Jakup, for dei fleste forstod nok at han var ein kunstnar utanom det vanlege. Etter kvart vart durspel som ein- og toradar ein sterk konkurrent til fela og overtok dansemusikken stadig meir. På denne bakgrunnen ser vi det som viktig å gje ut ein cd med nokre av dei gamle spelmennene i Skjåk. Det gjeld Rikkar Skjelkvåle, Kristen Vang, Petter Emil Bruheim og John Kolstadløkken, alle fødde litt før eller etter 1900. Asbjørn Blikken, som var om lag 20 år yngre, var også ein sentral spelmann frå Skjåk.
Spelet til alle fire syner sterke lokale og personlege kvalitetar og er svært interessant sett med nåtidas augo. I Skjåk har lagspelet vore mindre dyrka, og dette har nok vore med på å halde oppe slike individuelle særtrekk. Nemnast må det at det finst berre ei musikkutgjeving på fele frå Skjåk, nemleg ein cd med tvillingbrørne Alfred og Matias Bismo. Båe er borte nå.
/ Rolv Brimi/Ola Grøsland/Rasmus Stauri