Det har gått over 20 år sidan sist Sør-Fron spelmannslag gav ut plate. Sidan den gongen har det runne mykje vatn i Gudbrandsdalslaugen. Vi meiner det er viktig å dokumentere og ikkje minst presentere noko av repertoaret vårt frå dei siste to tiåragjennom ein albumproduksjon. Av og til er det nødvendig å stoppe opp og sjå seg attende før ein ser framover. Vi er heldige og har tilgang på eit rikt slåttemateriale. Dette kan vi takke dei mange dyktige kjeldene våre for, som har forma og vidareført musikken gjennom generasjonar. Laget har vore heldige og fått spelt på mange ulike scener opp gjennom åra. Frå Ruste Bygdahus og Øvertun Grendahus til Universitets Aula og Den Norske Opera. Uansett kor ein spelar og kven ein spelar for, er det viktig å ha gode slåttar og ikkje minst slåttar som fengjer publikum. Tittelen på albumet er ei lettare omskriving av ei skildring Ola Rønningen hadde av sambygdingen og storspelemannen Jon Stulen. Vi synest at tittelen er treffande for musikken vår, og for slåttane som vi presenterer på denne plata. God fornøyelse!
/ Sør-Fron spelmannslag
 
Eg kom i kontakt med juniorlaget til Sør-Fron og Erik Bjørke då eg studerte på landslina i folkemusikk på Vinstra vidaregåande skule i åra 2000-2003. Etter dette byrja eg også å arrangere leikar for seniorlaget. Dette har eg halde fram med heilt fram til i dag, noko som har vore eit givande arbeid. Det har gått føre seg i tett dialog med Erik, som har gjeve meg stor musikalsk fridom, men som også har sett ned foten dersom det ikkje har fungert. Denne innspelinga inneheld for ein stor del leikar eg har fått høve til å arrangere, og som laget har spelt dei siste åra. Arrangementa, spesielt i andrestemmene, kan stundom vera krevjande å spela, men det meistrar Sør-Fron spelmannslag til det fulle. Spelmannslaget spelar kraftfullt, friskt og med god danseappell. På same tid er det uhyre presist samspel og rein feleklang. Trekkspela musiserer lydhøyrt og fyller ut med akkordar og spennande motstemmer, der det høver seg. Kompet er stødig som fjell, og varierer med erstatningsakkordar og bassgangar. Musikken er lokalt forankra, og slik fungerer laget som ein levande formidlar og forvaltar av tradisjonsmusikken-og historia frå heile Midtdalen. Ola Kjorstad leiar laget med stø hand og klare meldingar, og evnar å hente ut det beste av alle som er med. Når Sør-Fron spelmannslag opptrer, står spelegleda og formidlinga i sentrum. Øyra spissar seg og det kriblari dansefoten. 
/ Andreas Bjørkås

1. Galopp etter Erik Bjørke
Denne galoppen er ein leik laget har gjort stor lykke med. Spelmannslaget vann Landsfestivalen med denne i 2018 og vi framførte han under folkemusikkens meisterkonsert i Den Norske Opera den same hausten.
2. Firetur etter Jehans Slåstugun
Jehans Slåstugun (1839-d. i USA) var felespelmann frå Vinstradalen i Nord-Fron. Jehans er rekna som ein av dei beste spelmennene som har vore i Fronsbygdene.
3. Reinlender etter Jon Stula
Ein god, men krevjande reinlender som laget har brukt i mange år.
4. Masurka etter Sigmund Hernæs
Sigmund Hernæs (1905-1993) spelte fele og var ei drivkraft innan musikklivet i Skåbu.
5. Galopp etter Ola Rønningen
Ola Rønningen (1899-1997) er den som har vidareført flest leiker etter Even Nordlistugun (1876-1955) – deriblant denne galoppen. Even Nordlistugun var felespelar frå Sør-Fron og har vore ei viktig slåttekjelde.
6. «På gamel-gjerda» – vals Vals av Ola Rønningen.
Ola var felespelmann og han var både ei stor tradisjonskjelde og komponist. Han brukte både «På gamel-gjerda» og «Originalen» som namn på leiken, men «På gamel-gjerda» avspeglar betre den eldre valserytma og bogestrøka som er brukt her.
7. Reinlender av Ole Lien
Ole Lien (1855-1940) var frå Ringebu. Han var organist, korpsdirigent og felespelmann. Ole var meir teoretikar enn spelmann, men han var mykje brukt som arrangør og spelmann på komp-instrument.
8. Masurka etter Jon Stula
Jon Stula (1869-1927) var felespelmann frå Ringebu og var mykje brukt som dansespelmann. Ola Rønningen skriv: «Han spelte på alle slags samkomor, heilt frå sluskeball i anleggstida, i brudlaup på store bondegardar, til finfine selskap i embetsmannsheimar.»
9. «Per Sletten» – vals
Per Sletten var frå Kvam i Nord-Fron – han var felespelmann og livde på 17-1800-talet. Per vart rekna som ein svært god spelmann i si samtid.
10. «Gammel-Nermoen» – hamburger
Hamburger etter Ola Rønningen, Ringebu. Ola hadde leiken etter farbroren sin – Ole Olsen Nermoen (1870-1966), Ringebu, som lèt leiken på eit-raders trekkspel. Ole var bestefar til mangeårig trekkspelar og musikalsk støttespelar i Sør-Fron spelemannslag – Ivar Nermoen (1946-2014) – derav namnet på leiken.
11. Masurka etter Asbjørn Stensrud d.e.
Asbjørn (1915-2002) var trekkspelar og denne leiken høyrde han Mass Skurdal (1904-1978) lèt til dans i 1920-åra på Haugen-salen – eit nedlagt forsamlingslokale på Harpefoss. Mass var trekkspelar frå Sør-Fron.
12. Reinlender etter Erik Bjørke
Ein leik som har vore brukt av mange spelmenn i Fronsbygdene. Erik har forma ein versjon slik han kjente den.

Spelt inn i låven på Rudi den 26. mars 2022 Innspelingsteknikar: Audun Strype Produsent: Andreas Bjørkås Miksa og mastra i Strype Audio av Audun Strype Tekst om leikane: Erik Bjørke og Rasmus Kjorstad Foto: Arne Hernæs Grafisk utforming: Egil Kalman og Hans Kjorstad
Slåttekjelde i særklasse: Erik Bjørke

Sør-Fron spelmannslag er: Feler: Anne-Grethe Holen, Asbjørn Stensrud, Cecilie Haverstad, Eivind Kjorstad, Eline Holsbrekken Skar, Erik Bjørke, Guro Kjorstad, Hans Kjorstad, Ingunn Bø, Iver Grytting, Jorunn Alme, Ola Kjorstad (musikalsk leiar), Ragnhild Ulberg, Rasmus Kjorstad, Synne Haverstadløkken Moen, Torkild Rudi Ovrum, William Kjersem Rustad og Åse Østeraas. Trekkspel: Even Røhjell, Helge Ovrum og Ragnhild Stensrud Komp: Kåre Vennevik (gitar) og Ole Morten Blankenborg (kontrabass)
I CD-nemnda: Eivind Kjorstad, Hans Kjorstad og Åse Østeraas

Takk til Sør-Fron kommune, Nord-Fron kommune, Gudbrandsdal Energi Holding AS og Norsk senter for folkemusikk og folkedans for økonomisk støtte

/ info@talik.no / ta:lik records