SLÅTTEMUSIKK I LESJA Det har vore ei vanleg oppfatning i folkemusikkmiljøet at på Lesja er det lite slåttemusikk på fele å finne, og slik har det vore i fleire generasjonar. Den vesentlege årsaka til det skal vera at Hauge-rørsla stod sterkt i bygda, og mange i dette pietistiske miljøet såg skakt på felespel og dans. Felespel med tradisjonsgrunnlag på Lesja har vi ikkje funne i arkiv i NRK og Norsk folkemusikksamling, men derimot står den vokale folkemusikken og spel på torader sterkare. Likevel er dette langt frå heile sanninga. Sigrid Svanborg og Paul Gunnar Lien spelar fele, og frå tidlegare har vi opplysning om at Syver Kvam (død 1953) var spelemann. Magne Bø var frå Lesja, men hadde musikktradisjonen frå Dovre og Vågå. På CD-en er det derimot privatopptak av Asbjørn Øverli frå Lesjaskog, og han lærde av faren, Mathias Øverli. Han var fødd i 1866 og døydde på 1950- talet. Han var bonde i Øverli og hadde fele og jakt som hovudinteresser, men ikkje minst tok fela mykje av fritida hans. Han var ein aktiv spelemann som jamt var ute på ymse speling, både til dans og elles. Ein god del av slåttane etter han er au nedskrivne på notar.

FOLKEMUSIKKEN I DOVRE I heftet Spellmenn og folkemusikk i Dovre (1983) skriv Tor Wigenstad om spelemenn i Dovre. Tor fortel om eit rikt folkemusikkmiljø i Dovre med mange spelemenn heilt attende til 1700-talet. Vi høyrer om to forpaktarspelemenn i Dovre og Lesja på 1700- talet: Bersvend Jacobsen Klukstad (1733–1761) og Pål Øyom (1828– 1914) Bersvend var son til den kjende treskjeraren Jakob Bersvendsen Klukstad. Pål Øyom var den siste forpaktarspelemannen, og i folketellinga frå 1865 er han oppført som Musikand. Ein forpaktarspelemann, vart også kalla Musicus, hadde retten til speleoppdrag i sitt område. Dei var også læremeistrar for andre og yngre spelemenn. Pål Øyom arbeidde ein del på Hjerkinn Fjellstue, og når han var lei av arbeidet, gjekk han inn og spelte for turistane. Pål var kjend med Fel- Jakup (1821– 1876) i Lom og Skjåk. Dei kunne spele i fleire dagar, og ein gong reiste dei i lag til Romsdalsmarknaden. Det er ikkje så mange slåttar i dag som refererer til Pål, men det er naturleg at musikken hans levde vidare, ikkje minst gjennom Ola A. Båtstoløkken i Dovre. Ole Nestgard (1804–1885), kalla «Nestgar’n» i daglegtale, var både god spelemann og handverkar. I 1833 gifta han seg med Kari Hansdotter Skjedsvoll i Vågå, flytte hit og vart gardbrukar. Ola laga fleire leikar bl.a. valsen som ber namnet hans, «Nestgard’n», og ein bruremarsj. Ola A. Båtstoløkken (1831–1907), «Gamel-Båstin» som han vart kalla på sine eldre dagar, var kanskje den viktigaste spelemannen og tradisjonsberaren i Dovre. I unge år fekk han seg arbeid i Skjåk for å kunne lære av og spele saman med Fel-Jakup. Han hadde eit glansfullt spel og svært god dansetakt. Det vart lystig i dansen når han spelte, og derfor var Ola ein gjæv og etterspurt dansespelemann. Han hadde eit stort repertoar, og han kunne låte springleik ei heil natt utan å spele om att same slåtten. Ola reiste til sonen sin i Amerika og fekk arbeid her. Han var ein ustabil arbeidskar, men musikken og humøret sitt vart han kjent for. Ola kom attende til Dovre ved hundreårskiftet etter om lag 10 år i Amerika. Og i heimbygda heldt han fram med å gle folk med fela og musikken sin. Mange i Dovre lærte felespel av Ola, og ettermælet seier at utan «Gamel-Båstin» ville mykje av folkemusikken i Dovre vore gløymt. Ola var «Fel-Jakup» i Dovre. Etter Ola A. Båtstoløkken voks det fram mange og dyktige felespelarar i Dovre. Tor Wigenstad nemner bl.a. Hans Tårud (1840– 1914), Ola Skrugstad (1860–1941), Jakob Hageløkken Arnekleiv (1866–1931) og Sivert Rykhus (1886–1969). Ein ruvande musikar i Dovre-miljøet var Ole Hjellemo (1873–1938). Han lærte tidleg å spela fele og spelte i mange gjestebod i Dovre og i grannebygdene. I tjueårsalderen reiste han til Kristiania, som hovudstaden heitte den gongen, der han studerte fiolin og komposisjon. Han lærte elles å spele messinginstrument, tok brigadeinstruktøreksamen i 1902 og var musikkløytnant i Fæstningsartilleriet. Ole var fiolinist i Opéra Comique og Musikforeningen, og var også innom Nationaltheatrets orkester. I 13 år, frå 1919 til 1932, var han lærar ved Musikkkonservatoriet i Oslo i fiolin, komposisjon og harmonilære. Ole la også ned mykje arbeid i heimbygda. Om somrane leia han Dovre musikkforening og Dombås musikkforening, samt at han arrangerte for Andgardskvartetten og andre musikkgrupper. Men han gløymde ikkje slåttelærdomen frå ungdomstida. Med sitt dyktige felespel dyrka han dei gamle slåttane og tradisjonen rundt dei som han i ungdomen lærte av Ola A. Båtstoløkken, Hans Vineshaugen (1831–1909) og andre spelemenn i området. Han skreiv ned slåttar han lærte i heimbygda, og tok på denne måten vare på folkemusikk i Dovre. Ein del av komposisjonane hans er òg inspirert av folkemusikk. Utover på 1900-talet var det to nye spelemenn som vart viktige for musikken i Dovre: Pål Andgard og Tor Wigenstad.

SLÅTTEMUSIKK PÅ SEL Sel kommune i dag omfattar au Heidal, og fram til 1908 var dette området anneks under Vågå kommune. Her har det sjølvsagt vore mykje kontakt og kommunikasjon, noko som viser seg både i talemål og folkemusikk. Eit uttrykk for dette er dei utvalde spelemennene på CD-en, som båe hadde nær slekt i Vågå. Den fyrste forteljinga om folkemusikk i dette området er segna om slaget i Kringen i 1612, der det skulle vera ein musikalsk dialog mellom Pillar-Guri på prillarhorn og skotske leigesoldatar på sekkepipe. I bygdene i Nord- og Midtdalen, ja au andre stader som i Hallingdal, er det tradisjonsmusikk sett i samband med denne hendinga. Om Pillar-Guri er mytisk eller historisk, kanskje helst båe delar, er eit spørsmål historikarar ikkje er samde om. Truleg er desse slåttane såkalla sekundærtradisjon, altså lagde til hendinga seinare. Blind-Marit blir nemnt i tradisjonen både på Sel, i Vågå og Dovre i samband med nokre slåttar, mellom dei Riksbanken. Ho var frå Nord-Sel og var fødd på 1780-talet. Ho skulle vera god til å låte. Ho lét på mange gjestebod og ståk både på Sel og i Vågå, og elles for ho rundt i ymse heimar. Alltid hadde ho med seg fela, og velkomen var ho. Storspelemannen Hans Arnesen Vineshaugen (1831– 1909) var frå Heidal, men budde storparten av livet sitt på Sel. Han spelte både gammal slåttemusikk og nyare, meir klassisk prega storgardsmusikk, og ei tid gjekk han i lære hos Lars Hollo (1826–1902) på Hamar og spelte i orkesteret hans. Han var au ein del i hop med Anders Sørensen (1821–1896). Hans var f. eks. den fyrste læremeisteren til Ole Hjellemo på Dovre. Brørne Torger (1864–1941) og Iver Olstad (1869–1945) var gode spelemenn og difor sentrale i slåttetradisjonen på Sel. Torger var god i notar, og i 1924 selde han garden og begynte å skrive ned folkemusikk på notar i stor stil. Det meste var slik han hugsa Hans Vineshaugen lét. I seinare tid har vi Haugstulen-brørne, Hølmo-karane og Syver Nysæter (1897–1989), for å nemne nokre sentrale. Syver lærde mellom anna mykje av spelemenn på Lalm og i Sjårdalen i Vågå og har nok au laga ein del runddansmusikk. Tore Jørgen Rødølen (f. 1948) har lært mykje av han og vidarefører elles tradisjon frå dei andre nemnde spelemennene.

MAGNE BØ (1924–2005)
Magne Bø født på Stuguflotten vest i Lesja var ikkje berre tannlege og spelemann. Han utdanna seg fyrst som lærar i Volda og frå 30-årsalder som tannlege. Magne Bø var litt av ein tusenkunstnar og vart også kjent som ein framifrå diktopplesar. Som spelemann fylte Magne Bø fleire roller, mellom anna som leiar i Dovre Spellmannslag i 20 år frå 1963 og seinare i Otta Spelemannslag. Han leia også «Storlaget» med spelemenn frå heile Gudbrandsdalen som fekk oppgåver framfor OL på Lillehammer i 1994. Magne Bø var ein god dansespelemannen og var med i Dovrekvintetten og i Ulens kvintett i fleire år. Ikkje minst er han kjent som ein framifrå arrangør og komponist. Mange fekk også lære pedagogen å kjenne, der han med sitt logne og rolege vesen la vekt på teknikk og musikalitet. Magne Bø deltok ein del på kappleikar frå 1960 og utover, og han vann landskappleiken på Røros i 1970. På den andre sida tileigna han seg klassisk fiolinteknikk, og han var sjølvlærd i harmonilære. Han laga melodiøse stemmer utan at dei mista særpreget i uttrykket. Han sa at desse stemmene skulle vera «spelbare», og på den måten fornya han samspeltradisjonen i Gudbrandsdalen. Komposisjonane hans er mykje brukt i dag, mellom anna valsen «Spelemannsminner », «Fant-Karl-minne», «Selsbrure» og andre.

ASBJØRN ØVERLI (1922–1986)
Asbjørn var frå Lesjaskog og var ein av i alt sju sysken. Han arva fela etter og lærde spel av faren, Mathias Øverli. Med Asbjørn fekk vi private kassettopptak frå rundt 1980, i alt rundt 20 slåttar, og slektskapen med slåttespel i Lom og Skjåk og elles i Folldalen er tydeleg. Nokre av desse fellesleikane kan vera heller like, medan mange har ei særeigen Lesja-form slik Asbjørn lærde dei av faren. Spelkvaliteten er au framifrå, for Asbjørn spelte mykje, men berre heime. Han var ikkje ute på speling. Han var smålåten og samstundes var nok etterspørselen etter felemusikk minkande. Asbjørn hadde fast rutine med speling etter middagen, faktisk kvar dag. Også same dagen som han brått døydde. Asbjørn busette seg i Asker i 1955 og arbeidde der som meierist. Ved sida av fela var fjellturar og fiske hans store interesse, og i alle feriane var han og familien på Lesjaskog der han kunne dyrke desse friluftsinteressene. Dottera Toril spelar fele, både folkemusikk og klassisk, og bestemor til Sigrid Svanborg, Borghild Holsbrekken, er syster til Asbjørn Øverli. Her har vi faktisk fire generasjonar med spelemenn i Øverlislekta på Lesja.

02_Paal Angard_400x400.jpgPÅL ANDGARD (1901–1984)
Pål var ein tradisjonell folkemusikar og spelemann, og var rekna som den beste spelemannen i Dovre i si tid. Pål og brørne, Sivert (1897–1990) og Ola (1905–1982) synte tidleg musikalske evner, og dei tok til med munnspel og toradar. 17 år gamal kjøpte Pål seg fele, og i det aktive miljøet i Dovre den gongen vart Pål snart ein dyktig spelemann. Johan Skomakarstugun var gardskar på Andgard, og han vart såleis ein naturleg læremeister for Pål. Men det var nok Ole Hjellemo som lærte Pål mest. Hjellemo var meste kvar sommar i Dovre og da dreiv han feleopplæring. Difor grodde det godt i folkemusikken i Dovre denne tida. Pål kunne ikkje notar, men hadde god teknikk og meistra posisjonsspel. Pål var kjent for framdrifta og stor klang i spelet sitt, fela lét vakkert når han strauk med bogen. Han hadde eit stort repertoar, og Tor Wigenstad skreiv ned mykje etter han. Pål var med i Dovre Spellmannslag frå starten og var ei god kjelde for laget. Saman med brørne Sivert og Ola og Helmer Stordal (1905–1993) spelte han i Andgardskvartetten. Ole Hjellemo arrangerte for kvartetten. Frå 1920-talet og ut i 1930-åra var Andgardskvartetten den mest brukte musikken i Dovre, både til underhaldning og dans. Dei hadde eit allsidig repertoar med lokale leikar, storgardsmusikk frå flatbygdene og jamvel klassiske stykke.