Med Okshovd som midtpunkt får du eit innblikk i liva til heilt vanlege folk gjennom både skjemt og alvor. Boka fortel korleis jernbanen, avisene, grammofonen, bilen, radioen, elektrisiteten og velferdsstaten gjorde seg gjeldande i denne perioden, og kva for plass kappleikar, konsertar, dansefestar og spelferder hadde i Ola Okshovds samtid. Attåt boka følgjer det med to cd-ar opptak frå nrk der Okshovd spelar hardingfele.

Produksjonen er dermed lagd til rette for ulike typar lesarar og lyttarar. Bokslukaren kan pløye gjennom 300 sider. Bokbladaren kan finne nærmare 200 illustrasjonar. Sogeforteljaren kan tileigne seg nokre titals «rispo». Nerden kan finstudere 400 fotnotar. Musikklyttaren kan nyte alderdomleg felespel frå Valdres.

Kjellbjørn karsrud (f. 1986) er oppvaksen på Leira i Valdres og spelar hardingfele blant anna i tradisjon etter Ola Okshovd. Han er lektor på Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule og bur i Lom.