–  Me har henta inspirasjon frå barokken, korleis dei i kantanane sine der brukte ein salme frå gudstenesta til å lage musikk og gjenbruke tema, fortel Anders Hefre.

Musikken er delt inn i tre ulike satsar, der éin tek føre seg barndom og ungdom, éin handlar om alt ein gjer i vaksenlivet, medan det i den siste satsen byrjer å nærme seg slutten.

– Folkestadvisa går som ein raud tråd gjennom plata, men me resirkulerer også nokre av dei andre tradisjonelle songane me har funne. Om du høyrer etter, vil du finne små motiv frå desse inni dei nyskrivne slåttane, fortel Hefre.


Første musikalske samarbeid

Paret Hefre og Flottorp bur i dag på Gvarv i Midt-Telemark, og sjølv om dei har spelt ein del saman før, er dette første gong dei har samarbeidd om eit så stort, eige prosjekt. Dei siste åra har Hefre brukt mykje tid saman med jazztrioen Maridalen, som sidan 2021 har gitt ut tre kritikarroste album. I vår spelte dei showcase på den store messa JazzAhead i Bremen og var på ein lang turné i Noreg med trommeslagar Erland Dahlen. Dei spelte også inn ein EP med Lars Lillo-Stenberg, som kjem ut i november.

Johanne Flottorp på si side har dei siste åra spelt mykje solo og med gitarist Åsmund Solberg. For plata «Fiskaren» som kom ut i fjor, fekk dei Spellemannprisen. Ho har også vore med i bandet The Northern Belle sidan oppstarten, som hardingfelespelar og korist.

Komponeringa i dette prosjektet dreiv Hefre og Flottorp på med med sporadisk over eit halvt år, medan dei begge var delvis i permisjon med sitt første barn.

–    Med tidspress, både i form av det langsiktige målet som var festivalen, men også kortsiktig, der me berre jobba medan ungen sov, blei verket ein slags statusrapport på kvar me var som musikarar og komponistar denne våren og sommaren. Både som musikar og menneske er ein stadig i endring, men då me tok opp denne musikken igjen i studio, var det som at den var slik den var meint å vere.

Heile familien i sving

Dei reiste ikkje så langt for å spele inn plata. I Juke Joint studio på Notodden samla dei troppane igjen eitt år etter urframføringa. I mellomtida hadde det kome endå ein unge i hus, så heile storfamilien var engasjert for å sørge for at innspelinga kom i land utan at Hefre og Flottorp måtte skifte for mange bleier.

–  Igjen var det ein faktor som gjorde at me fekk unna alt i eit effektivt tempo – og på tre dagar spelte me inn 15 låtar live, fortel dei. 
Begge to er ganske ferske som produsentar, og det var nytt å skulle vere dei som hadde siste ordet.

–  Som solist er eg van til å stå godt i eigne avgjerder på vegner av meg sjølv, men når ein skal «styre» ei gruppe med musikarar ein ser så opp til som dei me har hatt med oss her, kan ein kjenne seg litt usikker av og til. Men me opplevde samarbeidet med dei andre som veldig lettvint. Det var ein god klaff, seier Flottorp.

Mange av musikarane har Hefre og Flottorp samarbeidd med før, men nokre av dei er nye bekjentskap. Felles for musikarane, er at dei er kortreiste. Fleire av dei er sambygdingar i Midt-Telemark kommune, har dei familie der eller bur eit steinkast unna.

– Det bur ekstremt mange gode musikarar rundt i Distrikts-Noreg, og i Midt-Telemark er me veldig heldige som har musikarar av rang innanfor ein liten radius. Det er fint å spele saman med folk ein også kan treffe tilfeldig på butikken.

I komponeringsarbeidet har dei tatt utgangspunkt i eit knippe lokale folkesongar frå Midt-Telemark og bygdene rundt. Dette materialet har så blitt bearbeida for å lage nye songar og slåttar. Konserten går over tre satsar som tar deg med gjennom eit menneskeliv. Det startar med barnesong og leik, går vidare over til ungdomstid, til vaksenliv, bryllaup og arbeid, før det glir over i livets siste fase. Akkurat slik som lindi bere lauv.

Urframføringa i Bø kyrkje vakte stor begeistring og festivalsjef Kristoffer Mosfjeld meinte dette var “eit sjeldant komplett tingingsverk”. Det blei tidleg klart for fleire at dette var ein konsert som hadde livets rett også utover denne kvelden, og no er altså musikken innspelt og plata klar til å sleppast. Igjen er det den samme gjengen frå urframføringa som står på scena og er klare for å spele seg gjennom livet endå ein gong. 
 
Kjøp vinyl eller musikkfilar for nedlasting hjå bandcamp!
https://andershefreogjohanneflottorp.bandcamp.com/album/som-lindi-bere-lauv

 

Foto: Ingvild Flottorp
Foto: Ingvild Flottorp

Omtale i Telemarksavisa!
https://www.ta.no/under-fodselspermisjonen-skjedde-det-noko-spesielt/s/5-50-2160912


På plata høyrer du:
Johanne Flottorp - komposisjon, hardingfele, fele
Anders Hefre - komposisjon, trøorgel, piano, treblås
Anne Gravir Klykken - vokal 
Anders Erik Røine - munnharpe, langeleik, gitar, vokal 
Åsmund Solberg - gitar
Anders Bitustøyl - kontrabass, elektrisk bass
Jostein Rørmark - trommer og perkusjon