23
Foto: Bjorn Nylander / MULE konsult AB

I Valdres-tradisjon på hardingfele finst det godt over 350 dokumenterte låttar som enten er springarar, hallingar, bondelåttar eller lydarlåttar. I tillegg kjem gamaldansen som rundt estimert utgjer halvparten av tilfanget. Det er vanskeleg å seia kor ofte desse låttane er i bruk, men det finst eit tredvetals spelemenn i dag som dyrkar Valdres-tradisjonen. Det er varierande kor stort repertoar kvar enkelt utøvar har, men det er sikkert at ingen kan alle låttane som er dokumenterte.

Jørgen
Foto: Bjorn Nylander / MULE konsult AB

Å fremme kulturarv

«Spelemannslaget til fremjing av møsagrodde låttar» er ei laust samansett gruppe med fleire av dei fremste hardingfelespelarane i Valdres. Det fremste formålet til laget er å ta lite brukte og gløymde låttar opp att i tradisjonen gjennom lagspel, og at låttane deretter kan vidareutvikle seg hjå eit knippe tradisjonsberarar.

Spelemannslaget som starta opp i 2014, spelar i hovudsak springarar, hallingar, lydarlått(ar) og bondelåttar. Som regel har dei éi målsetjing for året, og det er å øve inn to nye låttar til Landskappleiken. Ein viss musikalsk framgang har likevel gjeve dei høve til å spela både meisterkonsert i Operaen og no CD-plate. Laget har også ei rekke topp-plasseringar på Landskappleiken.

Feler på golv
Foto: Bjorn Nylander / MULE konsult AB

Omfattande arkiv

I Valdres har det vore folkemusikkarkiv sidan 1960-talet. Då flytta meisterspelemannen Torleiv Bolstad heim frå Oslo og fekk ei kombinert folkemusikkinstruktør- og arkivarstilling. Med nokre få unnatak er store delar av arkivmaterialet som er samla inn lokalt, frå 1950-talet og utover. Mykje av stoffet er godt kjent og tilgjengeleggjort, men storparten ligg i arkivet enten på ei digitalisert fil, eller som eit spoleband eller ein kassett. Valdres folkemusikkarkiv har om lag 13 000 enkeltspor, og valdrisar som hadde ei bestemor som song, eller ein bestefar som riksa litt på fele, kan ofte møte dei att der mange tiår etter at dei vart borte.

Kjellbjørn
Foto: Bjorn Nylander / MULE konsult AB

Ti ulike klangfargar

For å få fram det breie spekteret i Valdres-tradisjonen har dei teke i bruk eit nytt felestille for kvart år. Eit felestille er når ein stemmer om fela for å få ein annan klang. Sjølv om spelemannslegenda Jørn Hilme skulle ha hatt låttar på 21 felestille, kan me gjennom opptak og notenedskrifter dokumentere berre ti stille som har vore i bruk. På denne produksjonen vil lyttarane få høyre 18 låttar på ti ulike felestille etter 12 forskjellige kjelder. Det må no nærme seg ein eller annan verdsrekord for spelemannslag sin del!

Artistane på plata er: Frank Henrik Rolland, Jan Beitohaugen Granli, Jørgen Andrisson Kvam, Kjellbjørn Karsrud, Magne Olav Selland, Mari Ormberg, Ragnhild Opedal Biribakken, Sindre Tronrud, Sivert Holmen og Syver Rolandsgard Hauge

Plateslepp på stor konsert og fest på Solhaug i Øystre Slidre laurdag 1. april kl. 19.30

Foto: Bjørn Nylander