«Teleskopter og andre usynlege ting» vert sleppt både fysisk og på strøymetenester torsdag 1.september. Albumet er ei samling viser for barn som tek deg med på reiser i eventyrverda, får deg til å tenkje på venar og dei små og kvardagslege tinga, og forhåpentlegvis får deg til å smile og synge med. Det er flest nyskrivne barneviser, men også eit par tradisjonelle barnestubbar frå Lom.
- Eg likar så godt å syngje mange av dei gamle tradisjonelle songane, og dette har inspirert meg til å lage barnemusikk sjølv. Sant og si vil eg si at alle songane eg har skrive nå har djup og sterk rot i musikken i dei gamle songane, seier Aslak Brimi
Det nye albumet «Teleskopter og andre usynlege ting» er «visete» i uttrykket og mindre «folkemusikk» enn det vi har høyrt frå Brimi før. Det er produsent Andre Viervoll som har hatt kontroll på spakene og mykje av arrangeringa. Så sjølv om Brimi si fele er sentral, så er det nok meir elgitar, roads og saksofon enn det ein er van med i Brimi sine produksjonar.
Aslak Brimi hadde suksess med barneplata «Huldra Hildur» i 2020, og vart mellom anna Spellemann-nominert for musikken. Han hadde lyst til å lage meir ny barnemusikk. Etter å ha sett og høyrt mange fine velskrivne dikt av Frikk Gjeilo, kontakta Aslak den unge lyrikaren frå Lom om han hadde lyst til å bidra på eit nytt musikkprosjekt. Frikk vart spurt om å skrive nye visetekster for barn. Seinare var Brimi i kontakt med Diktardagar om dei ville vere med på eit prosjekt, og frå der starta ballen å rulle. Så nå blir det både barnekonsert på Diktardagane med urframføring av nye tekster og ny musikk, og lansering av barneplata «Teleskopter og andre usynlege ting».
- Eg vart veldig glad i å spele og synge for barn etter dei to åra vi har hatt med «huldra Hildur»-forestillingar, og hadde lyst til å få til eit nytt prosjekt. Og eg skal vel innrømme at eg føler meg tryggare på det å skrive musikk enn tekstene. Difor tok eg kontakt med Frikk om han kunne tenke seg å skrive nokre visetekster for meg. Og nesten før eg rakk å lese meldinga der han seier at han er positiv, så hadde han allereie skrive eit par skisser til tekster. Så han var på med ein gong, seier Brimi.
Det blir urframføring av dei nye visene med tre barnekonsertar i både Skjåk, Lom og Vågå under Diktardagar 2022, og albumet i sin heilskap blir lansert både digitalt og fysisk den 1.september av plateselskapet ta:lik records.
…………………………………………………………………………………………
Medverkande:
Aslak Brimi – song / fele
Gudmund Bolstad Skjær – gitar
Kenneth Ekornes – perkusjon
Pål Svindland – saksofon / fløyte / koring
Aksel Jensen – bass