Trygve spelar både kjende og ikkje så kjende slåttar på tre ulike felestille, Hillborg bidreg med både gamalt og nytt vokalstoff: Alt frå bånsull til hyrdeviser og heilagviser.

Hill fortel om tradisjonen til Trygve og seg sjølv.
Trygve pugga sjeldan slåttar. Han vaks opp i ei verd av spel som skreiv seg mange generasjonar attende – heilt i frå spelemannen Tore Kolbeinson Knaben (1692–1786) frå Fjotland i Agder, som kom til Kvambekk i Åmotsdal og gifte seg med Liv – dottera der.  Desse to kjøpte Gibøen på Møsstrond. Sonen deira, Haavard, gifte seg med Barbro. Dei fekk fire gutar. Ein av dei var Knut, som gifte seg med Åsne Gjuvland frå Rauland. Dei vart foreldra til den namngjetne stilskaparen i spel, Håvard Gibøen (1809–1873) – Trygve sin tippoldefar på farsida, som hadde felespelarar i kvar generasjon etter seg, fram til Trygve. På morsida hadde Trygve også gode tradisjonsberarar av Gibøspelet og representantar for den lokale kulturen elles, m.a. ein onkel som spela og laga feler; Trygve O. Vågen (1927–2005). Han var til stor inspirasjon.

I ungdomsåra til Trygve kom også bandspelaren i bruk, noko som vart ein ny og viktig måte for Trygve å tileigne seg slåttekunne på. I barndomsheimen på Austli på Møsstrond var tinndølen og spelemannen Johannes K. Dahle (1890–1980) stadig på vitjing til faren, spelemannen Kjetil K. Vågen (1912–1994). Johannes vidareførte slåttane farfar hans, Knut Dahle, lærde av Håvard Gibøen, og desse to hadde slik eit slektskap gjennom spelet. Trygve vart tidleg glad i Johannes og spelet hans, og også i slåttane Johannes dikta. Mange av desse lærde han seg og han skatta dei høgt.
Trygve spela på ein blømande og utfylt måte. Ein gong han og far hans sat på kjøkenet og tala om spel, og eg sat i stoga og lydde på, drog Trygve av ein slått. Då ropa Kjetil inn til meg: «Høyr, høyr, Hillborg! Han slepper aldri!» – i den tyding at han stadig hadde fleire fingrar på strengene samstundes. Dette var eit ideal i denne slekta. Dette, samt framdrifta Trygve hadde i spelet, er verdt å merkje seg. Gangaren «Hjerki Haukeland» kan vera trist og tung i uttrykket, men Trygve synte også det fengjande drivet i denne slåtten.

Sjølv vaks eg opp med kveding og felespel. Slåttetulling dreiv eg med før eg hadde lært meg ord. Far, Tarjei, var aktiv spelemann. Myllarguten var bestefars oldefar. Det er mange utøvarar i slekta mi. Men eg gjekk òg «på bygda» og samla meg stoff. I grannegarden, Bakken, fekk eg mykje fint av Ingebjørg Bakken (1920–1996), som hadde rik songtradisjon frå Edland i Vinje.
Etter å ha fått tak i nytt songtilfang, vitja eg ofte bestefar min, Øystein Romtveit (1898–1985). Han oppmuntra meg, og svara med sine viser og vitsar. Det var slik med meg og bestefar; me måtte jamt le i hop. Besta, Anne, gjekk i bakgrunnen, servera og kommentera. «Ja, men den du hev lært der, kan Øystein finare!» kunne ho seia. Det at han song for henne har eg tenkt mykje på som noko det er koseleg å tenkje på i ettertid.
Då eg høyrde Svein Tveiten på voksrullane etter Rikard Berge vart eg hekta. Ikkje på grunn av lyden, men på grunn av tonen. Som folkemusikkonsulent i Telemark, med kontor på Akademiet på Rauland, fekk eg god tilgang til handskriftene etter Rikard som låg på loftet der. Og som elev i det fyrste kullet på folkemusikkstudiet i Rauland fekk eg tak i tonane au.
Eg er veldig glad i gamalt, men av og til må eg gjera t.d. ein bånsull aktuell. Då diktar eg gjerne ein ny tekst til ein gamal
melodi. Finn eg ein god tekst, men ikkje melodien, diktar eg gjerne den òg. Notar kan eg ikkje. Eg må nytte hovudet då òg.

/ Hillborg Romtveit

Takk til:
Geir Åge Johnsen, som gjorde opptak med oss i 2008.
Tone Haugen Romtveit, som tipsa om gamle opptak som eg nesten hadde gløymt.
ta:lik ved Niels J, Røine, som ville gjeva ut dette albumet.
Tor Magne Hallibakken for miks og master.
Åsne Vågen for hjelp med foto.
Per Anders Buen Garnås for konsulentverksemd med teksten.