Musikken er organisk og impulsiv samtidig som fengande melodiar er rådande. Nokre av låtane har fast form, men mange av dei kan bryte opp i flytande strekk eller har uforutsigbare former. Eit eksempel er singelen “Minne meg” der verset er fritt og formbart i augeblikket, men refrenget er fast. Eit anna eksempel er “Mønsteret” der kompet er eit ostinat og resten formar seg rundt det. 

Låtane er arrangert av Alander og av bandet som består av Kalle Moberg på trekkspel, Ester Thunander på feler og Øystein Aarnes Vik på trommer. Plata er produsert av Alander, bandet og lydtekniker Aleksander Sjølie. 

I livesamanheng vil låtane flettast saman med vokalimprovisasjonar basert på ord, fraser og stiltrekk frå folkesongar, slik som “Sola, skuggen” på plata. Alander brukar Råskap, breidde og frihet i stemma, og låtane er fryktlause og tydelige med tema som motstand, mønster og hengivelse som tema.