Springleikane i denne samlinga har djupe røter gjennom Fel-Jakup og Ivar Bråtå. På Lalm var det nærast eit krav: Ein vart ikkje rekna som spelmann før ein kunne spela posisjonsleikje. Mykje av musikken her har Leif Inge Schjølberg lært av Petter Eide (1911–1994), Ola K. Flaten (1911–1998) og Jakob Skogum (1923–2013).
Denne plata er eit familieføretak frå Vågå: Ivar Schjølberg (f. 1940), sønene Leif Inge (f. 1966) og Jostein (f. 1964), og Leif Inge sine søner Anders (f. 1992) og Eirik (f. 1994). Alle fem spelar saman på spor 13 og 14 – eit sjeldsynt generasjonsmøte i felespel. På resten av spora høyrer du Eirik, Anders og Leif Inge. Anders vekslar mellom grovt, posisjon og improvisert stemme, medan Eirik og Leif Inge byter på å spela i posisjon.
Her får du ikkje berre musikk – du får eit glimt inn i ein levande tradisjon, der teknikk, slektskap og spelglede møtest i tonar som stig – ja, nettopp – uppi å ni.
Takk til Kjell Erik Killi Olsen for lån av Sandbu kapell.
Takk til Erik Bjørke for lytting og gode råd.
Økonomisk støtte: Vågå kommune og Vågå spel og dansarlag.
Opptak: Niels Jørgen Røine, Sandbu kapell mars / juni 2024. Harpefoss mai 2025.
Miks/Master: Tor Magne Hallibakken. Hallingdal Lyd.
Grafisk design: Eva Karlson.
Foto: Niels Jørgen Røine.
Gjeve ut av ta:lik records
1 Bråtå -springleik
Lært av Petter Eide som refererte til sin bestefar Ola Bråtå. Tredje posisjon med oppstemt bas.
2 Fant-Karl springleik
Denne springleiken skal vera etter Fant-Karl. Vi har lært den av Jakob Skogum. Andre posisjon.
3 Kvilarvals
Vals lært av Petter Eide. Denne valsen har vi ikkje høyrt andre enn Petter som spelte. Når ein spelar springleik-kule så er denne fin å bruke til å kvile på. Tredje posisjon.
4 Fel-Jakup springleik
Lært av Jakob Skogum. Andre veket går i tredje posisjon, med oppstemt bas.
5 Meisterspringleiken hass Fel-Jakup
Denne har vi funne i bokverket til Knut Kjøk. Tredje posisjon.
6 Springleik etter Iva Bråtå
Springleik som O.M. Sandvik har skrive ned. Tredje posisjon.
7 Springleik etter Pål Andvord
Terje Bronken lærte denne av Pål Andvord frå Sjårdalen i Vågå. Pål lærte ein del leikje av Hans Teigplassen og dette kan godt vera ein av dei. Tredje posisjon.
8 Lalmingen
Springleik i form etter Jakob Skogum. Ein mykje brukt springleik på Lalm. Tredje posisjon.
9 Storspringleiken hass Fel-Jakup
Lært av Jakob Skogum. Tredje posisjon med oppstemt bas.
10 Ola K. Flaten nr 1
Lært av Ola som hadde den etter Johan Bråtå.
11 Ola K. Flaten nr 2
Lært av Ola som hadde den etter Johan Bråtå.
12 Springleiken Fel-Jakup spelt når’n gjekk ette Langisom
Lært av Jakob Skogum. Første veket går i tredje posisjon.
13 Springleik etter Jakob Skogum
Denne leiken er også referert til Fel-Jakup. Deler av andre veket går i tredje posisjon.
14 Slåstuguvalsen
Vals lært av Petter Eide i tredje posisjon.
15 Springleik i C-dur
Lært av Jakob Skogum. Jakob spelte denne i to ulike former. Deler av andre veket går i andre posisjon.
16 Springleik i andre posisjon
Lært av Petter Eide.
17 Springleik i andre posisjon etter Ola Bråtå
Lært av Petter Eide og Jakob Skogum.
18 Trond Høynne
Lært av Jakob Skogum. Jakob fortalde at dette var favorittleiken til Per Brenden på Lalm, når Per tok fela så spelte han alltid første taka på denne leiken. Andre posisjon.














