Alexander. Foto: Knut Utler
Alexander. Foto Knut Utler

Det musikalske uttrykk hans byggjer på det tradisjonelle hardingfelerepertoaret i Hardanger med Knut Hamre og Anders Kjerland som dei fremste ideala.  Alexander har likevel gjennom mange år som solo hardingfelespelar funne fram til personlege tolkingar og er særs oppteken av kva han ynskjer å formidle gjennom musikken.

Musikalsk vert Heimom ei plate som viser eit utdrag av kvar eg i dag står som tradisjonsbærar. Nokre slåttar er i tradisjon med mindre personleg preg, andre er i tradisjon med stort personleg preg. Nokon har eg laga sjølv, noko er runddans og noko er bygdedans, og noko er kanskje ikkje dansbart i det heile.

På Landskappleikane i 2019 og 2022 gjekk han av med sigeren i A-klassa for hardingfele. I tillegg til kappleikssigrar og kongepokal har Alexander motteke Øivind Berghs minnepris i 2010 og medverkar på plata «Granvin» saman med Knut Hamre og Åse Teigland frå 2014. Han er også mykje nytta som læremeister og inspirator på kurs for born og ungdom, og har virke som lærar på hardingfele i Hardanger. 

Støttespelarar
Støttespelarar

Innhald: 
1. Rull etter Hans Selland. Lært etter opptak med Knut Hamre.
2. Isbergen, springar. Lært av Knut Hamre.
3. Halte-Larsrull. Lært av Knut Hamre.
4. Bjølleslåtten, springar. Lært av Knut Hamre.
5. På Bømoen, reinlender. Reinlender etter Nils (Tråen) Eide. Lært etter opptak med Lars Velure.
6. Ungkoneslåtten, springar. Lært av Knut Hamre.
7. Urheimen, rull. Lært av Knut Hamre.
8. Ingeborg Hamre, springar. Sjølvlaga til mi gode venninne Ingeborg Hamre.
9. Børsheimen, halling. Sjølvlaga til min gode ven Torkjell Lunde Børsheim. 
10. Sledalen, hamborgar. Lært etter opptak med Endre Bleie og Jon Velure. Laga av Halldor Meland.
11. Håstabørull. Lært av Knut Hamre.
12. Personvrita, springar. Lært av Knut Hamre.
13. Spelar-Guro, rull. Lært av Knut Hamre.
14. Rull etter Severin Kjerland. Lært av Knut Hamre. Til den fantastiske son min, Åsmund.
15. Kristofferrengja, springar. I form etter Anders Bonde. Lært av Knut Hamre.
16. Sellanden, rull. I form etter Lise-Sjur. Lært av Knut Hamre.
17. Lægreiden, springar. Sjølvlaga til min gode ven Hans Olav Lægreid.
18. Vals etter Jakob Måge. Lært etter opptak med Endre Bleie og Jon Velure.
19. Kjømbergen, rull. Lært av Knut Hamre. Til den trufaste lyttaren Harald Storli.
20. Vestlendingen, springar. Lært av Knut Hamre. Til den fantastiske dotter mi, Ingvild.