Valdres

TA133CD&DVD

TA133CD & DVD Kristine Valdresdatter

Stumfilmen Kristine Valdresdatter

Filmen Kristine Valdresdatter kom ut i 1930, og var den siste stumfilmen som kom ut i Norge. Filmen var basert på boka med same namn av Harald Foss frå 1886, og vart regissert av Rasmus Breistein. Filmen vart slakta av kritikarane, men ein stor publikumssuksess. Anders Erik Røine laga ny musikk til filmen, som eit bestillingsverk til Jørn Hilme-stemnet i 2013. Her er både film og musikk!

Les meir
TA121CD

TA121 Aastad Bråten

Til Ragna

Vår reise inn i langeleikverda var intens. Vi ville lære alt. På ein gong. Vi tok til oss kunnskap. Åt det. Fortærte det. Høyrde på kassettar og CD-plater av gamle spelekvinner og spelemenn. Oppretta kontakt. Inviterte oss heim til spel og mat. Og prat. Vi deltok på kappleikar, drog på dansefestar, tok på oss hotelloppdrag og styreverv. Vi var besette.

Les meir
TA127CD_digipak_DAX122XX.indd

TA127 Laura Ellestad

Valdresspel i Amerika

4. aug.

Under den store norske utvandringstida – ein periode som varte frå ca. 1825 til 1925 – emigrerte rundt 60 hardingfelespelemenn frå Valdres til Nord-Amerika. Denne utgjevinga inneheld slåttar frå repertoara til fem av dei fremste utvandra spelemennene frå Valdres, Arne Steinsrud (1799–1878), Bendik i Nø’n (1827–1882), Knut Sjåheim (1849–1908), Trond Eltun (1823–1896) og Oscar Hamrey (1884–1943). Låttane er tolka av hardingfelespelar Laura Ellestad frå Canada!

Les meir
TA100Cover

TA100 Sudan Dudan

Inntil i dag

2. okt.

Den kritikarroste duoen Sudan Dudan kjem no med den tredje plata si. Denne gongen tek dei musikken eit steg vidare, og har fått hjelp av produsent Odd Nordstoga og musikarane Torjus Vierli, Gjermund Silseth, Daniel Sandén-Warg, Audun Erlien og Odd Nordstoga.

Les meir
TA111CD_digipak_DAX112XX.indd

TA111 Blått gådn

Blått gådn

Med røter planta i folkemusikken frå Valdres, har Blått Gådn funne sitt eige musikalske uttrykk. Lyden av fleirstemmig song, langeleik, gitar, mandolin og indisk harmonium gjev gruppa eit særpreg som er lett å kjenne att i dei tradisjonelle så vel som dei nyskrivne melodiane. Ingvild Lie, Lars Skattebu og Harald Høyvik utgjer trioen Blått Gådn.

Les meir
ta99160 pixel

TA99 Olav Snortheim

Langeleik

5. des.

Olav Snortheim var ein fantastisk langeleikspelar frå Valdres. Han utvikla musikken og spelteknikken til nye høgder, og er eit førebilete for mange langeleikspelarar i dag.

Les meir / english
Projekt3

TA73 Hått

B-burger

Det er ikkje eit tradisjonelt gamaldansband du møter her. Gutane spelar med gamal spelestil som minnar om spelestilen i slåttemusikken. Her er eldre tonalitetskjensle, hardingfelas tradisjonelle bogestrøk og ornamentikk, småveksoppbygging og urgamal toneføring i melodiane. Les meir / english
TA72160 pixel

TA72 Sudan Dudan

Kari og Ola

5. des. Sudan Dudan med kritikarrost album. Les meir / english
TA70for nett 700160 pixel

TA70DVD Diverse artistar

Norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv

For aller første gang har NRK åpnet sitt store fjernsynsarkiv for en DVD-utgivelse med folkemusikk. Her får du møte legendariske utøvere som Torleiv H. Bjørgum, Torleiv Bolstad, Johannes Dahle, Hilmar Alexandersen, Hans W. Brimi og mange flere - opptakene, som er innspilt i perioden mellom 1960 og 1995, er blant annet hentet fra portrettprogram med de ulike utøverne. Norsk Folkemusikk - Opptak Frå Fjernsynsarkivet byr selvfølgelig på mengder av musikk, men også "hjemme hos"-besøk, dans og spikking av seljefløyte.

Les meir / read more
TA60CD_digipak_DAX112XX

TA60 Øvrevollseie, Bakkerud, Bolstad og Bøe

Slåttar frå Hallingdal og Valdres

Les meir / english
TA55 Bolstad og Skjervheimfor nett 700160 pixel

TA55 Lars Skjervheim og Torleiv Bolstad

Slåttar frå Voss og Valdres

Les meir / english
TA50CD_DAX112XX.indd

TA50 Jan Beitohaugen Granli

På Beitohaugen

Ny superplate frå Jan! 5-dobbelt vinnar av Landskappleiken, Jan Beitohaugen Granli kjem her med den andre soloplata si. CD-en er spekka med gode låttar i tradisjon frå Beitohaugen i Øystre Slidre. Med på cd-en er også ein musikkvideo.
Les meir / read more
TA48CD_booklet

TA48 Diverse artistar

Fant-Karl

Ein CD med opptak av slåtter assosiert med taterspelemannen Fant-Karl. Her finn du slåttar frå Valdres, Sogn, Gudbrandsdalen, Trøndelag og andre regionar der Karl reiste. Cd-en inneheld eit mangfold av livlege, melodiøse slåttar – ja, mange valsar - som har vore ein del av norske bygdespelemenn sitt repertoar i snart 200 år; - spela på hardingfele, vanleg fele, langeleik og torader, og tralla; - av forskjellige utøvarar fødd mellom ca.1890 og 1980, solo og ensemble.

Les meir / english
Ta43CDfor nett 700160 pixel

TA43 Oscar Hamry

Hardingfelespel frå Vestre Slidre

Unike opptak frå 1939 med spelemannen Oscar Hamry (Ola Reishagen) frå Vestre Slidre. Reishagen utvandra frå Norge tidleg på 1900-talet, skifta namn, og kom tilbake som superspelemann. Det vart gjort opptak med han i 1940. Det var den utvandra valdrisen Jøger Quale som kjøpte seg bandspelar. Quale hadde også kjøpt filmkamera, og ein liten filmbit med springardans og halling ligg også på CD-en Les meir / english
munnharpe booklet

TA29CD Diverse artistar

Fillevern (2CD)

Plateselskapet ta:lik er stolte av å presentere norsk munnharpehistorie, slik ho aldri har blitt presentert tidlegare. 2 CD-ar med fantastisk spanande opptak med munnharpe. Plata blir gjeven ut i samarbeid mellom NRK, Norsk munnharpeforum og ta:lik.

Les meir / read more
henning booklet

TA24CD Henning Andersen

Underlege makter

Ei plate med hardingfelespelemannen og kyrkjeklokkeentusiasten Henning Andersen må sjølvsagt handle om musikken rundt kyrkjeklokkene i Valdres! Her finns klokkeslåttar, lydarlåttar, salmar og springarar som alle tek utgangspunkt i lyden frå kyrkjene! Les meir / english
TA21CDfor nett 700160 pixel

TA21 Mattisgard & Røine

Sudan Dudan

Den første plata til duoen Sudan Dudan kom i 2005. Eit vakkert møte med gamle songar, i kledd norsk folkemusikk, langeleik og amerikansk old time music-komp. Les meir / read more
TA10CD1160 pixel

TA10CD Trygve Bolstad

Aleis

I 2004 ga vi ut ei plate med Trygve Bolstad frå Valdres. Trygve er i dag ein nestor i hardingfelemusikken i Valdres, og har mellom anna vore læremeister for Jan Beitohaugen Granli og Henning Andersen, ved sida av om lag alle andre som har take i ei fele i Valdres dei siste 20 åra. På plata spelar Trygve nokre av dei finaste låttane sine. Lydarlåttane er spesielt vakre! Les meir / english
ta9_-_190_pixel160 pixel

TA9CD Laget for Folkemusikk

Solo & samspill

Laget for Folkemusikk i Oslo har gjennom 100 år vore den viktigaste samlingsplassen for folkemusikarar og dansarar i Oslo. Her møttest spelemenn frå heile landet til samspel og samvær. Høgdepunkt har vi samla her!

Les meir / english
TA7-versjon_250_pixel160 pixel

TA7CD Marit Mattisgard

Tre ord te de

Marit Karlberg (Mattisgard) kom i 2003 med denne nydelege plata med barnesongar frå Valdres. Dette var den første plata der Marit sto fram som soloutøvar, og vi er stolte av at vi fekk gje ut denne plata. Les meir / english
ta6_-_190_pixel160 pixel

TA6CD Ola Grihamar

Hardingfelespel frå Vang

Ola Grihamar frå Vang i Valdres vidareførte det spesielle spelet i Vang som stilmessig har ein god del til felles med Indre Sogn.

Les meir / english
TA5160 pixel

TA5CD Jan Beitohaugen Granli

Lite nemmar

Ofte høyrer du Jan når han spelar til dans. Du får han tett på. Slik er det også på denne plata. Klangen kjem mest mogleg frå instrumentet, og lyden er tett og naturleg. Les meir / english
ta3_-_190_pixel2

TA3CD Harald Fylken

Hardingfelespel frå Vestre Slidre

Med lang bogeføring og avansert fingerbruk fekk Harald Fylken (1910-1963) fram det beste i det sereigne Vestre Slidre-spelet. Les meir / english
ta2_-_190_pixel

TA2CD Haldor Røyne

Hardingfelespel frå Øystre Slidre

Haldor Røyne frå Øystre Slidre levde mellom 1908 og 1979. Han var ein ypperleg spelemann, og ei sjeldan oppkome av kunnskap om spelemenn og speltradisjonen i Valdres.

Les meir / english
ta1_-_190_pixel

TA1CD Olav Moe

Hardingfelespel frå Vestre Slidre

Olav Moe gjorde seg rundt hundreårsskiftet berømt i heile landet og i det norske miljøet i USA. Olav Moe var konsertspelemann av første klasse, og utvikla ei rekke låttar til konsertnummer.

Les meir / english