KATALOG

TA156CD

TA156 Vågå

Slåttar frå Vågå

Frå 1908 vart storkommunen Vågå delt opp i tre, Sel, Heidal og Vågå. Difor har det vore mykje kontakt og kommunikasjon innan dette området, noko som au har sett tydelege merke i slåttemusikken. Blind-Marit frå Nord-Sel, Hans Slettmo og Hans Arneson Vineshaugen frå Heidal er spelmenn som mange slåttar blir knytt til, og særleg blant spelmennene frå Lalm. Dei eldste spelmennene som er nemnde i samband med leikje, er nok Aslak Holen (1749–1838), ofte kalla Gamel-Holin, frå Skogbygda i Vågå og Ola Sjugurdson Skaar (1773–1863), gjerne kalla Spelmanns-Skårin.

Båe var forpaktingsspelmenn, altså dei hadde einerett på dansespeling innafor eit visst område samstundes mot å betale ei avgift. Av neste generasjon er Ola Ringneset (1811–1902) frå baksida mellom Vågåmo og Tessand og Iva Bråtå (1827–1916) frå Lalm særleg sentrale i tradisjonsveven. Ringnesin var kjend som ein parlaus dansespelmann og skulle ha mange springleikar på ymse felestille. Iva Bråtå vart ei hovudkjelde for Ole Mørk Sandvik (1875–1976) i slåtteverket hans frå Gudbrandsdalen, Folke=musikk i Gudbrandsdalen (1919). At slåttemusikken er særleg knytt til slekter, vitnar dette om: Ein onkel til Ola Ringneset var Ole Olsen Ringneset (1789–1876), gjerne kalla Ringnes-Bråtein fordi han kom til Bråtå på Lalm. Han vart bestefar til Ola Bråtå (1844–1923), som var far til Ola Skogheim (1881–1966) og bestefar til Eide-brørne, Ola, Pål og Petter. Den munnlege tradisjonen fortel at desse Bråtå-spelmennene, som ikkje var i nær slekt, hadde ulik stil og fokus i musikken. Ola var den livate dansespelmannen med enklare former, medan Iva hadde eit meir detaljrikt og inderleg spel. Elles var Iva Bråtå svært påverka av «Lomsspelmennene », dvs Fel-Jakup (1821–1876), Rolv Gaupar og Jo Kjøkje. Dei to sistnemnde var fødde i 1824, og båe reiste åt Amerika. Dette er nok ein grunn til at det er så mange felles slåttar i Lom og Skjåk og i Vågå, og særleg på Lalm. Ola Toresen Nestgard (1805–1885) var frå Dovre og slo seg ned i Skogbygda i Vågå. Han vart ei viktig kjelde for spelmenn i denne delen av bygda. Han vart oldefar til Hans H. Holen. Vi finn nok mange leikje felles mellom Lalm og den nørdre delen, det vil seia dei vestlege grendene, av bygda, til dømes Skogbygda, men utøvarane vi har opptak av, syner noko ulik stil. Raskare og jamnare takt i nord, meir posisjonsspel på Lalm. Ein serie med springleikar blir spelte i tredje og iblant andre posisjon. Når to lét i lag til dans, var det gjerne slik at den eine fela lét «uppe» og den andre «ni». Den same spelmåten blir au kalla grovt og grant, med ein oktav mellom. Elles vil ein leggje merke til at dei eldre spelmennene fargela slåttane med ein gammal tonalitet, høyr berre på spelet til Per Brenden og Ola Eide. Slåttemusikken speglar au den sosiale rangordninga. I Vågå var det embetsstand ved sida av bondearistokratiet. Det var såkalla strykemusikk alt frå 1880-åra, og desse musikarane hadde både ein stil og eit repertoar som høvde i den sosiale overklassa, altså ein noko meir klassisk prega spelmåte. Ved sida av gamle springleikar, hallingar og marsjar er det såleis ein god del turdansar, til dømes firetur og fandango. Ein spelmann som Iva Bråtå, som kunne notar, hadde ein del ulike turdansar og lét på festar i den sosiale overklassa. Med andre ord vart det liksom eit klasseskilje i folkemusikken også.

PER BRENDEN (1886–1963) Han var frå Brennun på Lalm og livnærde seg som tømrar og bygningsnekkar. Per byrja å låte på fele alt som åtteåring. Ein fem år eldre bror, Iver, var au spelmann, og dei to brørne kom til å spela mykje i hop til dans i fleire bygder, ikkje minst bryllaup. Fyrste læremeisteren hans var Ola Bråtå, men det vart særleg Iva Bråtå (1827–1916) som vart den store inspiratoren og kjelda hans. Iva kunne ei mengd slåttar, men var ikkje alltid like enkel å lære av. Han hadde ord på seg for å vera nøye og vrang. Iva heldt for det meste til på setra i Bøneslia, og her var Per med i arbeid i slåttonna mot å lære leikje. Avtala var to slåttar for kvar arbeidsdag. Elles var han nøye med å kontrollere eleven, noko denne replikken vitnar om: «Du lyt lære å låte leiken rett. Du fæ neiggu ikkje tå utpå bygde og låte gale – og så seia at du har lært`n tå meg». Likevel var Per tolmodig og fekk lært ei mengd av Iva, særleg springleikar, valsar og ymse turdansar. Per var slett ikkje vrang og lærde villig frå seg til yngre, blant desse Skogumsbrørne og Eide-karane. Han er ei hovudkjelde innan slåttespelet i Vågå. Sjølv om Per lét mykje til dans ei tid, var det nok ikkje denne spelsituasjonen han likte best. Spelet hans er meir vàrt og innovervendt med vekt på detaljar og små variasjonar. Slik karakteriserer Iver Ryen han i Årbok for Gudbrandsdalen (1964): «Musikken gav `om ei djup glede. Og Per lét utta tankje på vinning. Um `n va einsleg eller ilag med mange kom for honom ut på eitt. Han let for leikjom si skuld». Ved sida av å vera framifrå spelmann laga han au feler, både til seg sjølv og andre. Per var med og stifta Vågåmo spelmannslag i 1954 og var ein av instruktørane dei fyrste åra. I 1961 vart laget delt og Per vart da med i det nye laget, Lalm spelmannslag. Han er æresmedlem i Vågå spelmannslaget og i Landslaget for Spelemenn (FolkOrg).

OLA EIDE (1901–1983) Familien til Eide-brørne, Ola og Petter, kom til Lalm frå Sel i 1905, for faren kjøpte garden Eide. Her voks dei opp i ein syskenflokk på seks. Folkemusikken på Lalm var rik, og Ola og Petter, saman med broren Pål, sette sitt preg på den. Her var mange spelmenn, og bestefaren Ola Bråtå (1844–1923) og onkelen Ola Skogheim (1881–1966) var kjende spelmenn og vart ideal og læremeistrar for gutane. Seinare vart også Per Brenden (1886–1963) ei viktig slåttekjelde for Eide-brørne. Ola og broren Pål spelte mykje til dans ei tid, og dei hadde også lært seg å spele med sekundering og andrestemmer. Bestefaren var venn med musikaren Anders Sørensen (1822–1896) og lærte nok å bruke sekundering og andrestemmer av han. Slik arva nok Eide-brørne denne musikkunna. Ola var ein særmerkt spelmann med stor slåttekunne. Han likte å spele på fleire felestille. Gjermundhallingen er ein slik slått og er ein av Ola sine slåtte-perler, og mange spelmenn har han som kjelde for denne flotte hallingen. Ola var kjend for sin alderdommelege og sikre tonalitet, og Ola stemte gjerne fela si under vanleg kammertone. Til saman gav dette ein inderleg varm og fargerik klang som var eit kjennemerke for han. Ola var med på mange kappleikar, og han hadde alltid eit variert og godt slåtteval. Ei tid deltok han òg på kappleikar med hardingfele. Ola var og ein dyktig felemakar og var kjent for felene sine i folkemusikkmiljøet. Han laga om lag 200 feler, og fleire av dei blir brukt av spelmenn i dag. Felemakarutstyret til Ola vart utstilt i Jutulheimen bygdamuseum i 2014. For arbeid sitt med folkemusikken var han heidersmedlem i Landslaget for spelemenn (FolkOrg).

 

PETTER EIDE (1911–1994) Petter Eide var 10 år yngre enn broren Ola, og fyrst etter krigen tok han til å bli kjent som spelmann. Nå vart han aktiv både i folkemusikkmiljøet i heimbygda og som spelmann på kappleikar. Petter vann A-klassa for fele på Landskappleiken to gonger, i Bergen 1952 og på Nesbyen i 1961. I 1951 spelte Petter inn slåttar for NRK fyrste gongen, og fram til fyrst på 1980-talet gjorde han vel 100 innspelingar. Han var jamt å høyre i Folkemusikkhalvtimen i radio i denne perioden. Petter var den første formannen i Vågå spelmannslag (1952–53). Han var også leiar i Lalm spelmannslag ei stund. I yrkeslivet arbeidde Petter i billaget i Ottadalen både som sjåfør og på kontor. Petter var også praktisk av seg, og blant anna laga han feler. Petter var ein meisterspelmann. Han førte vidare den store spelmannsarven han fekk på ein truverdig og flott måte, og musikaliteten hans farga av ein god tone og klang gjer han til ein av dei store spelmennene i Vågå og på Lalm. Petter var heiderslagsmedlem i Vågå spelmannslag.

OLA OPHEIM (1920–2003) I si levetid var det knapt andre spelemenn frå Vågå som nådde så langt ut med musikken sin som Ola Opheim. Han hadde ein eldre bror, Arnfinn, som også var ein svært dugande utøvar. Ola lærde av mange andre spelmenn i Vågå, Oskar Gården, Hjalmar Moen, Ola Nystugun, Ola Svare og andre. Faren, Knut, var småbrukar i Skogbygda og mor, Liv Vangen, kom frå Hallingdal. Ola arbeidde som snikkar i mange år før han vart tilsett ved OKB-verkstaden i Vågå. Han arbeidde også som verksmeister i Fåvang ei tid, men avslutta arbeidslivet sitt i heimbygda. Saman med trekkspelaren Oddvar Nygaard (1919–1985) frå Sør-Fron vart Ola kjent over heile landet frå tidleg på 1960-talet og i fleire tiår framover. Han spelte også saman med andre ei tid, mellom dei var trekkspelaren Bjarne Lien frå Romsdal. Det førte nok til at dansemusikaren for det store publikum vart meir påakta enn slåttemusikaren. Men Ola Opheim var også ein framståande tradisjonsberar. Han var aktiv mellom anna på kappleikar og vann fele klasse A på Landskappleiken i 1963. Han gjorde i fleire år eit omfattande arbeid som innsamlar. Han komponerte også fleire slåttar som er i bruk i dag. For eit større publikum vart han likevel spelmannen – med sitt kveke vesen og si friske, eggjande dansetakt med det personlege preget han sette på slåttane. Få kunne skape liv på dansefestane som Ola Opheim. Han var også mellom dei 100 dølane som vart presentert i boka Århundres døler (GD, 1999). Ola Opheim fekk fleire prisar for felespelet sitt, mellom anna Kulturprisen for Gudbrandsdalen (1965), Gudbrandsdal Sparebanks innsatspris (1983) og Kongens fortenstmedalje same året. I 1983 vart han også heidersmedlem i Landslaget for spelemenn (FolkOrg).

HANS H. HOLEN (1930–2011) Han var frå Skogbygda i Vågå og hadde spelmannsblod i årene, da ein ætling var Aslak Holen, ofte kalla «Gammel-Holin» (1749–1838). Oldefaren var Ola Toresen Nestgard (1805–1885), eigentleg frå Dovre. Andre sentrale kjelder for Hans H. Holen er mora Kari f. Skjedsvold og onkelen Ola J. Skjedsvold (1900–82). Hans nådde vidt ut med musikken sin gjennom fleire radioprogram og plateinnspelingar, og han vart ikkje minst kjent som felespelar i Arne Bergets kvartett i 17 år. Han oppsøkte fleire eldre kjelder og lærde direkte frå desse, mellom dei Pål Andersen Lien og andre. Dette var både spelmenn og folk som hulla, song og fortalde, så han gjorde eit viktig innsamlingsarbeid. Hans H. Holen hadde mange roller i si levetid, lærar, musikklærar, handelsmann, politikar, men det er ikkje minst som spelmann han blir hugsa. Hans H. Holen var mykje nytta som pedagog både i heimbygda Vågå, og han engasjerte seg for folkemusikken i fleire bygder. Han var i mange år leiar av Otta spelmannslag i tillegg til å drive opplæring i heimbygda. Han var i det heile ein god talsmann for god folkeleg musikk- og kulturtradisjon. Hans H. Holen likte også å syngje, og han gjorde over fleire år mange notenedteikningar, og delar av dette stoffet gav han ut til bruk i skuleverket, til dømes boka Folkemusikk i skulestova (1979). Hans H. Holen vann Landskappleiken i 1974 og vart utnemnd heidersmedlem i Landslaget for spelemenn (FolkOrg) i 1985.

/ Rolv Brimi, Ola Grøsland og Rasmus Stauri