Bandet er kjende for ei særeigen blanding av folkemusikk, viser og pop og har etterkvart drage på seg fleire songar som har gått inn i den norske visekanonen. Songar som Har du Fyr, Folketonen, Vise ved Vintersolkverv og Siste Sang er musikk mange har eit forhold til. Nå kjem bandet altså med ny musikk og allereie har singlane frå plata gjort seg bemerka med å få mykje speletid på NRK P1.

Konsertane med Hekla Stålstrenga er energi, tett på publikum og dyp musikalitet blanda med humor, speleglede og sæs kompetente musikantar. Bandet består av nokon av landets mest markante musikarar på sine respektive instrument. Noko som gjer at alle medlema er ettertrakta når andre artistar ønskjer seg musikalske partnarar i prosjekta sine.

Tittelen «Elske og ære» er ein av songane på plata, skrive av Ragnhild Furebotten. Furebotten står som vanleg bak mange av melodiane til bandet. Nytt for dette albumet er at både Furebotten, Nymo Trulsen og Bruvoll leverer frå seg, ikkje berre melodiar - men også eigne tekster. I tillegg har blant andre Ola Bremnes, Helge Stangnes, Malvin Skulbru, Geir Vildgren og Ronny Trælvik levert tekstar til plata.

Booking: Stageway
Promotion: HES
Plateselskapet: ta:lik

Konsertar:

  • 24 Feb Hekla Stålstrenga @ Stem Cellar Festival (billetter)
  • 14 Mar Hekla Stålstrenga @ Riksscenen (billetter)
  • 15 Mar Hekla Stålstrenga @ Ibsenhuset (billetter)
  • 16 Mar Hekla Stålstrenga @ Asker Kulturhus (billetter)
  • 17 Mar Hekla Stålstrenga @ Kongsberg Musikkteater (billetter)
  • 21 Mar Hekla Stålstrenga @ Oseana Os Kunst og Kultursenter (billetter)
  • 22 Mar Hekla Stålstrenga @ Sandnes kulturhus KF (billetter)
  • 23 Mar Hekla Stålstrenga @ Sirdal Kulturhus (billetter)
  • 24 Mar Hekla Stålstrenga @ Lyngdal kulturhus (billetter)
  • 28 Mar Hekla Stålstrenga @ Inderøy kulturhus (billetter)
  • 29 Mar Hekla Stålstrenga @ Kulturhuset i Nærøy (billetter)
  • 30 Mar Hekla Stålstrenga @ Kulturhuset i Namsos (billetter)
  • 24 Aug Hekla Stålstrenga @ Grovasetra, Skardalen (billetter)