Fleire medlemer av Nyhus-familien har heile tida
vore aktive i laget, det gjeld Peder Nyhus, kona
Anna (zither) og sonen Sven (bratsjist i
Filharmonisk Selskaps orkester). Nabo på
Glåmos, Kristine Wivelstad, har vore med i 18 år,
nyare medlemer er Olav Nyhus og Harald
Gullikstad.
Glåmos spelemannslag har ein fast svip og
dåm over spelet som er uvanleg i lagspel. På
Glåmos har dei ein lokal slåttetradisjon etter
Ole Sulhus (1811–1897) og Ole Klemmetvold
(1871–1948). Dertil kjem påverknad frå den
svenske Härjedalsmusikken på den eine sida og
tradisjonen frå Gudbrandsdalen og Østerdalen på
den andre side. Dette har tilsaman danna
bakgrunnen for den del av Rørosmusikken som
Glåmos spelemannslag representerer, og som er
av den mest serprega folkemusikk på vanleg fele
vi har her i landet.
/ ROLF MYKLEBUST

POLS er ein pardans i 3/4 takt som høyrer
heime i Østerdalen, Trøndelag, Nord-Noreg og
på Nordmøre. Det finns ei rekkje lokale variantar
av dansen, truleg norske omformingar av polske
renessansedansar som spreidde seg til
Skandinavia på 1600 talet. Den mest kjende
varianten finn vi i området kring Røros; der vert
polsen dansa på vanleg dansemoro av ungdomen
den dag i dag og er soleis ein av dei mest levande
norske folkedansane.