IMG_0673
Klikk på bildet for stor versjon. Foto: Arne Svalastog

Heilt sidan eg blei interessera i hardingfela som liten gut har ho blitt ein stadig større del av livet mitt, og eg er no både felemakar og spelemann i Bø i Telemark. Felemakeri og -spel har gått hand i hand så lenge hardingfela har vore til, og spelemenn og felemakarar har gjennom hundrevis av år utvikla seg i takt med kvarandre og omverda. Fela er spelemannens songrøyst, og kvar fele har sin eigen song. Feler kan vera sta eller velviljuge, milde eller temperamentsfulle, kvasse eller mjuke, høgmælte eller lågmælte, ljose- eller mørkmælte; men spelemannen kan aldri tvinge fela til å bli noko anna enn det ho er. Fela må synge slik ho sjølv vil, og når fele og spelemann vil det same, veks dei saman: Dei delar plass i ein større heilskap, der spelemannen lèt instrumentet bli ein del av seg sjølv og sitt uttrykk.

Hardingfela har fylgd meg sidan eg var 11 år gamal, då eg byrja i musikkskulen i Vinje med Terje Christian Hansen som lærar. Sidan den gong har eg hatt mange læremeistarar og inspirasjonskjelder, og eg har lært både gjennom personlege møte og gjennom lytting til opptak av spelemenn som har gått bort. På kvar sine vis har dei alle sett att spor i meg som spelemann.

Å ”finne seg sjølv” i slåttespelet kan vera vanskeleg og kronglete, men her ligg for meg mykje av meininga i det å vera spelemann. Gjennom å høyre ulike spelemenn vil det som skaper gjenklang i ein sjølv koma fram att i eiga fele, og etterlikning vil etter kvart kunne bli til personleg særpreg. Dette har for meg vore både vegen og målet; å finne ”mitt eige” spel, og den vegen går alltid vidare. Av dei eg har hatt som mine største førebilete når det gjeld slåttespel på hardingfele, vil eg nemne Eivind Mo, Eilev Smedal, Torkjell Haugerud, Johannes Dahle, Einar og Olav Løndal , Anders Buen d.e., Hauk og Knut Buen, Per Anders Buen Garnås, Hallvard T. og Torleiv Bjørgum, Torleiv Bolstad og Bjarne Herrefoss.

Eg har lenge vore fascinera av hardingfela som instrument, men ideen om å laga mine eigne hardingfeler kom fyrst i vaksen alder. Den fyrste læremeistaren i felemakeri var Eivind Ralle frå Bø i Telemark. Som ungdom hadde han vore i lag med Knut K. Steinkjøndalen, og minnet om den gamle meistaren låg endå friskt i minnet til Eivind då eg var hjå han. Hausten 2005 kom eg i lære hjå Sigvald Rørlien ved Ole Bull akademiet, og her vart felemakeriet fort ei altoppslukande interesse. Læretida hjå Sigvald varde i 3 år, og eg trur neppe eg ville vore felemakar i dag utan hans påverking. Eg har seinare vore i kontakt med fleire andre felemakarar òg; spesielt vil eg nemne Wim Baeck i Brüssel og Harald Lund på Jessheim, som begge har tatt imot meg og vist meg nye vegar i den stundom tåkete felemakarverda.

Både som felemakar og spelemann er ein del av ein tradisjon, der ein skaper sitt eige med grunnlag i gamal kunnskap og stilkjensle. Og på same måte som med spelet, er det også i felemakeriet etterlikning av det ein likar som er vegen til å finne sitt eige. Hardingfela som instrument har hatt mange dyktige nevar å vekse ut av, og av dei felemakarar som har påverka meg mest, vil eg nemne Olaf G. Helland, Erik Johnsen Helland, Gunnar M.A Røstad, Olav K Venaas og John Tjønn. Alle har dei vore sentrale for hardingfela som instrument, som usedvanleg sjølvstendige og skapande felemakarar.

På desse opptaka brukar eg to av dei felene eg har bygd sjølv; på vanleg stille og nedstilt brukar eg ein fiolin eg bygde om til hardingfele i 2009, og på trollstilt og gorrlaus bas brukar eg ei hardingfele eg laga i 2007, som no er i eige av Knut Fausko. 

Slåttane eg spelar på denne cd-en er slåttar i tilknyting til Telemark, men i ulike tradisjonar og frå ulike kjelder. Hovudtrekket er rett og slett at det er slåttar eg likar godt å spela sjølv. Eg håpar du som lydar vil finne glede og meining i desse slåttane, slik eg har prøva å tolke dei på denne plata. Takk til: Alle læremeistarar og inspirasjonskjelder, Mamma og Pappa, Vigdis og Øyvor

IMG_0032

IMG_0124

TA103CD_DA1X22XX.indd
TA103CD

IMG_0429
Klikk på bildet for stor versjon. Foto: Arne Svalastog

To “find oneself” in traditional fiddle music can be difficult and cumbersome,

Ever since I became interested in the Hardanger fiddle as a little boy, it has steadily become a larger part of my life, and I am now both a fiddle maker and fiddler in Bø in Telemark. Fiddle making and playing have gone hand in hand as long as the Hardanger fiddle has existed, and fiddlers and fiddle makers have evolved in step with each other and the surrounding world over the course of hundreds of years. The fiddle is the fiddler’s singing voice, and each fiddle has its own song. Fiddles can be stubborn or agreeable, mild or temperamental, sharp or soft, loud or low-voiced, light or dark; but the fiddler can never force the fiddle to become something other than what it is. The fiddle must sing in its own way, and when fiddle and fiddler aspire to the same aim, they grow together: They share a place in a greater whole, in which the fiddler allows the instrument to become a part of himself and his mode of expression.

The Hardanger fiddle has been a part of my life since I was 11 years old, when I began studying with Terje Christian Hansen at the music school in Vinje. Since then I have had many teachers and sources of inspiration, and I have learned both through personal encounters and by listening to recordings of fiddlers who have passed away. In their own ways, they have all left traces in me as a fiddler.

IMG_0627
Klikk på bildet for stor versjon. Foto: Arne Svalastog

To "find oneself" in traditional fiddle music can be difficult and cumbersome, but herein lies much of the essence of being a fiddler. By listening to different fiddlers, that which resonates in oneself will come forth in one's own fiddle, and imitation will gradually become personal character. For me, this has been both the path and the objective; to find "my own" playing, and that path always leads forward. Among those I have had as my greatest role models when it concerns traditional music on Hardanger fiddle, I would like to mention Eivind Mo, Eilev Smedal, Torkjell Haugerud, Johannes Dahle, Einar and Olav Løndal, Anders Buen Sr., Hauk and Knut Buen, Per Anders Buen Garnås, Hallvard T. and Torleiv Bjørgum, Torleiv Bolstad, and Bjarne Herrefoss.

I have long been fascinated by the Hardanger fiddle as an instrument, but the idea to make my own Hardanger fiddles came first came to me as an adult.
IMG_0671
Klikk på bildet for stor versjon. Foto: Arne Svalastog

My first teacher in fiddle making was Eivind Ralle from Bø in Telemark. As a youth he worked with Knut K. Steinkjøndalen, and recollections of the old master still lay fresh in Eivind's memory while I was working with him. In the autumn of 2005 I began an apprenticeship under Sigvald Rørlien at the Ole Bull Academy, and fiddle making quickly became an all-consuming interest during this time. The apprenticeship under Sigvald lasted for three years, and I wouldn't be a fiddle maker today without his influence. I have since been in contact with several other fiddle makers; I would especially like to mention Wim Baeck in Brüssel and Harald Lund in Jessheim, who have both welcomed me and shown me new ways in the sometimes foggy world of fiddle making.

As both a fiddle maker and a fiddler, one participates in a tradition in which one develops one's own approach with a foundation in time-honoured expertise and senses of style. And as with fiddling, the way to find one's own approach in fiddle making is also through imitation of that which one admires. The Hardanger fiddle has had many gifted hands to grow out of, and among the fiddle makers who have influenced me most I would like to name Olaf G. Helland, Erik Johnsen Helland, Gunnar M.A Røstad, Olav K Venaas, and John Tjønn. They have all been central figures for the Hardanger fiddle as an instrument and were exceptionally bold and creative fiddle makers.

On these recordings I use two of the fiddles I have built myself; on vanleg and nedstilt tuning I use a violin which I converted into a Hardanger fiddle in 2009, and on trollstilt and gorrlaus bas tuning I use a Hardanger fiddle I built in 2007, which is now owned by Knut Fausko.

The tunes I play on this CD are tunes with ties to Telemark, but in different traditions and from different sources. The essential feature is quite simply that these are all tunes I really enjoy playing. I hope you as a listener will find joy and meaning in these tunes, in the way I have endeavoured to interpret them on this album.

Thanks to: All of my teachers and sources of inspiration, Mom and Dad, Vigdis and Øyvor