Opptakssituasjonen, teknologien og tidas gang har gjort at voksrullene ikkje er perfekte bilde av musikken som faktisk vart spelt i 1912. Vår “eigen” ekspert Anders Erik Røine, medeigar i ta:lik, har difor gått gjennom alle klippa og justert feil, fjerna hakk og justert nivå. I løpet av åra som dette prosjektet har halde på, har Anders sjølv faktisk take ein PhD i kulturstudier ved Universitetet i Sørøst-Norge, der han no er professor ved Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved USN, campus Rauland. Ein del av denne doktorgradsoppgåva har vore taktproblematikk i hardingfelespel. I tillegg til at Anders sjølv har inngåande kjennskap til hardingfeletradisjonen har vi også hatt med oss spelemannen Per Anders Buen Garnås som konsulent. Per Anders er ein av dei som kan mest om hardingfeletradisjonen i Telemark i dag. Han står også for det skriftlege materialet til prosjektet. 

Resultatet av denne nye studioprosessen er at lyden frå dei gamle voksrullopptaka no er nærare slik Knut og Johannes faktisk spelte - meiner vi. Ein stor takk til Telemark museum som lot oss gjennomføre dette prosjektet. 

Frå torsdag 15. januar vil vi slippe eit album kvar fredag ut februar. Informasjon om låtane vil koma her, etterkvart som albuma kjem ut. 

Kreditering
Prosjekteigarar: ta:lik og Telemark museum
Opptak: Rikard Berge (1912 og 1916)
Overspeling av lyd frå voksrullar: Nasjonalbiblioteket
Lydredigering og klypp: Anders Erik Røine
Mastering: Fridtjof Lindeman
Lydkonsulent og tekst: Per Anders Buen Garnås
Økonomisk tilskot: Kulturdirektoratet
 

Rikard Berges voksrullopptak med Knut og Johannes Dahle (1912 og 1916)

Av Per Anders Buen Garnås

Då spelemannen Knut J. Dahle (1834-1921) vaks opp i Tinn i Telemark hadde folkemusikken framleis solid fotfeste her i landet. Særleg hadde hardingfelespelet høg status i heimtraktene til Knut. Felespelarar spela ei sentrale rolle i gjestebod og ved andre samankomingar der musikk var etterspurd. Slåttemusikken var i ei blømingstid, og Knut rakk å høyre og lære direkte av utøvarar som vert rekna som viktige i vidareforedlinga og utviklinga av denne musikken, samt av folk som lærde av desse. Han såg verdien og kvaliteten i måten desse utøvde slåttemusikken på, og i innhaldet og det formmessige i slåttane dei spela. Allereie frå ungdomen av var han oppteken av å taka godt vare på det han lærde og høyrde av ideala sine. Difor kan ein rekne Knut som ein utøvar med tidleg blikk på det konserverande. Eiga utøving var det einaste verktøyet han hadde til rådvelde for å vidareformidle musikken han brann for å bevare. Opptak og noter var foreløpig framand for honom. 

Berre innanfor Tinn var det mange gode spelemenn denne tida. Morfar til Knut, Knut B. Sønnstaul (1771-1863), var ein av dei. Han hadde m.a. spel etter far sin, Brynjulv Olsson, som er den eldste spelemannen ein veit om i Tinn. Elles lærde Knut Dahle også bl.a. av tinndølane Olav Håkanes (1822-1908) og Hølje Førli (f. 1822, død i USA) dei fyrste åra. Men Knut var svært lærehungrig og brydde seg ikkje berre om det aller mest lokale spelet. Gamle-Hans Fykerud (1825-1879) frå Bø vanka mykje i Tinn, og av honom lærde Knut mykje spel. Han høyrde også Møllarguten (1799/1801-1872) frå Sauherad/Arabygdi og tileigna seg gode slåttar etter honom. I det heile lærde han seg spel og slåttar av mange, gode kjelder frå ulike bygdelag. 

Knut si hovudkjelde vart likevel Håvard Gibøen (1809-1873) frå Møsstrond. Då Knut var kring 16 år høyrde han Håvard spela for fyrste gong. Dette spelet syntest Knut let så fint at han skulle ønskje han aldri hadde teke i ei fele, sa han. Knut vart kjend med Håvard den gongen, og fekk seinare lære alt han ville av honom. 

Håvard hadde også spel frå fleire kantar. Han kom frå ei slekt med gode utøvarar både på langeleik og fele, og noko av denne musikken levde att i familien. Noko lærde han av Jon Kjos (1754-1826) frå Åmotsdal og Øystein Langedrag (1785-1848) frå Seljord. Ikkje så reint lite fekk han lære av den noko eldre Møllarguten, som han var god ven med alt frå barnsbein av. Truleg dikta han ein del sjølv òg. Men fyrst og fremst rekna han tinndølen Knut Lurås (1782-1843) som den viktigaste kjelda si. Knut Dahle var liten då Knut Lurås døydde, og rakk difor ikkje lære noko av honom. Men gjennom Håvard kunne han hente Lurås-spelet heimatt til Tinn.  

Knut Dahle og Håvard sat fele til fele og gjekk gjennom tak for tak og slått for slått time etter time gong på gong, på same måte som Håvard tidlegare hadde lært av Luråsen. Knut fortalde at han ofte vart overraska over kor mykje Håvard kunne: ”Han kom ti’ Dahle, og e´tenkte e’ konna alle låttan honoms. Men so begynna’n på ein ny lått den fysst’n tok i. Da blei e’ reint forondra,” sa han. Men Håvard var nøgd med læreguten sin og kva Knut meistra fange opp. I eldre år skal han ha uttala at: «Det er ingen som spelar så likt meg som Knut Dahle.» 

Knut Dahle var fyrst og fremst mykje nytta som spelemann i gjestebod, dansefestar og i andre samkome der det var behov for spelemann. Elles heldt han nokre konsertar rundt om i heimfylket, og i USA, der han var frå 1896-1900. Men han lika seg ikkje så godt på scenen. Det var i slutta lag han lika seg aller best som spelemann. 

I 1888 vart Knut ein sørgjande enkjemann. Han byrja føle seg einsam, og tok til å gruble og sjå bakover. Den religiøse vekkinga hadde lenge fordømt alt som hadde med dans og ungdommeleg moro å gjera, noko som ikkje minst gjekk utover den plassen felespelet hadde hatt i samfunnet. Knut assosiera ikkje tonespråket sitt med vonde krefter, og var såra over at musikken han sette så høgt vart fordømt og redusert til noko overflatisk og primitivt. Samtidig var han vitne til at meir moderne og anerkjent musikk overtok plassen til felespelet, og han byrja verta redd for at slåttemusikken skulle hamne i gløymeboka. Difor tok han dette året mot til seg og skreiv til Edvard Grieg, og oppmoda honom om å skrive ned slåttane hans på noter. Men ulike hindringar kom i vegen for dette, og ikkje før etter at Knut kom att frå USA bar dette initiativet frukter. I 1901 sende nemleg  Edvard Grieg Knut til kapellmeister Johan Halvorsen i Christiania, slik at han kunne skrive ned nokre av slåttane hans. Halvorsen transkriberte 17 av slåttane til Knut, og desse vart seinare verdskjende gjennom Grieg sitt klaververk Slåtter, opus 72. 

Men det Knut ikkje visste om då han i pessimisme skreiv til Grieg fyrste gong, var at han berre to år seinare skulle få eit barnebarn med namn Johannes K. Dahle (1890-1980). Johannes byrja å spela fele i 1902 - to år etter at Knut kom att frå USA, og berre eitt år etter at Johan Halvorsen skreiv ned slåttar etter bestefaren på noter. Både Johannes og den yngre broren, Gunnar (1902-1988) skulle vise seg å bli svært gode spelemenn som begge la vinn på å halde spelet etter godfar sin i hevd. Desse er av dei mest populære kjeldene til slåttespelet i Telemark den dag i dag, både gjennom gode opptak, men også via viktige tradisjonskjelder som lærde av desse. I folkemusikkarkivet i NRK er Johannes ein av dei det finst aller flest opptak av. Det vart gjort systematiske innspelingar med honom der målet var å få dokumentert mest mogleg av det han kunne. Elles var det mange felespelarar som seinare vart førebilete for neste generasjons utøvarar som aktivt oppsøkte Knut for å lære spel. Ein av desse var den vidkjende spelemannen Torkjell Haugerud (1876-1954) frå Bø/Seljord. Heldigvis gjekk det altså ikkje så gale med dette spelet som Knut frykta på slutten av 1800-talet. 

Men det var ikkje berre felespelarar og komponistar som var interesserte i stoffet til Knut. Folkeminnesamlaren Rikard Berge (1881-1969) var også medviten om alt Knut kunne av spel og sogemateriale. I 1912 tok difor Berge med seg ein fonograf og oppsøkte den 78-årige Knut. Då gjorde han mange innspelingar på voksrullar; fyrst og fremst med Knut, men også med 22-åringen Johannes, medan 10-åringen Gunnar, som ikkje hadde byrja spela ennå, fekk jobben med å halde tråden med voks som vart skrapa av rullane unna nåla som prenta inn opptaka. Dette gjorde han ved å sitje og vifte med ei hønsefjør. Knut hadde to år tidlegare spela inn nokre få slåttar på 78-plater, men utifrå kva tidsvitnet Gunnar seinare fortalde, kan det virke som at Knut ikkje var særleg fortruleg med opptakssituasjonen likevel: «E’ minns e’ tosse så synd om’n Gofa. Han sat frammafe dannan tuten o’ såg temmele’ nervøs ut. Det va’ akkurat da som no dæ, når lampun tek te lyse o’ mikrofonan bli’ sett upp: Da fær’n skjælven mæ ein gong.» 

Berge tok opp til saman 124 slåttar med Knut og Johannes i 1912. I 1916 kom han attende og gjorde fire opptak til av Knut. Same året vart han tilsett som bestyrer av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, som no er ein del av Telemark Museum, der samlingane etter Rikard Berge framleis ligg. 

For nokre få år sidan vart dei mange original-voksrullane i denne samlinga digitaliserte ved hjelp av moderne teknologi ved Nasjonalbiblioteket si avdeling i Mo i Rana. Dette resulterte i avspelingar som er av betre kvalitet og der musikken kjem tydelegare fram enn han gjer på dei analoge kopiane som vart gjorde på 1970-talet, og som fram til no har vore kjende for særleg utøvarar og forskarar som har sett nytte i å grava i nokre av dei eldste opptaka me har av norsk folkemusikk. Seinare har Anders Røine gjort ein stor jobb med å redigere, lydreinske og klippe i dei av desse digitaliserte filene som inneheld opptak med Knut og Johannes Dahle, der dette var mogleg utan at det gjekk utover innhaldet i og formene på slåttane. 

Når det gjeld klippinga var strategien i utgangspunktet å berre klippe vekk hakk, men undervegs i prosessen viste det seg at det av og til mangla unike tonar og tak i slåttane. Difor er det av og til klipt inn tonar og tak som vart vurderte som viktige og verdifulle der dette lét seg gjera, men då alltid henta frå den same staden i slåtten og frå det same opptaket. 

Lydkvaliteten på dei ulike opptaka var svært varierande. I somme tilfelle var det ikkje nødvendig å reinske dei med særleg hard hand, medan det i andre tilfelle måtte gjerast hardare grep for å få nivået på fela over støynivået. I dei sistnemnde tilfella kan lyden av fela opplevast noko «animert», men det var prisen ein måtte betala for å tydeleggjera spelet. 

Teknikaren som stod for digitaliseringa av voksrullane kunne opplyse om dei mange variablane som gjer seg gjeldande i høve feltinnspelingar på fonograf og vanskane med å fastslå 100% korrekt hastigheit ved avspeling av slike voksrullar. Dette samstava godt med mistankar som dukka opp undervegs i prosessen med dette prosjektet om at avspelingane av opptaka med Dahle-karane gjekk litt for sakte. Difor er hastigheita på dei redigerte opptaka i tillegg justert ørlitegrann opp - og med det også tonehøgdene på felene, slik at desse let meir naturleg enn dei gjer på dei originale digitaliserte avspelingane. Resultatet etter denne justeringa vart at fela til Knut Dahle her er stemt i nærleiken av slik ho er på grammofon-innspelingane han gjorde i 1910.

Resultatet av å gjera desse grepa med lydreinsking, klipping og regulering av hastigheit vart at me sat att med opptak som er mykje meir lyttarvenlege og truleg til og med meir autentiske enn både dei gamle og dei nye avspelingane. Det er heller ingenting som har vorte øydelagt med desse inngrepa. Dei originale avspelingane er uansett å oppdrive, og dei vert tekne vare på.  

Johannes og Gunnar Dahle vaks opp med og levde i spelet til bestefar sin dag etter dag i årrekkjer. Begge la stor gaum på å tileigne seg dette spelet så nøyaktig som mogleg, og var gode nok til det. Slik fekk dei truleg med seg meir av spelet til Knut Dahle enn fonografen til Berge greidde fange opp dei relativt få timane denne var i bruk for å forevige dette. Om ein har som mål å tileigne seg Dahle-spelet, bør ein kanskje difor fyrst og fremst taka i bruk dei mange gode innspelingane som finst av Johannes og Gunnar. Men gamle Knut spelar godt på voksrullopptaka til Rikard Berge, og dei er difor likevel gull verdt å lytte til og hente inspirasjon frå. Interessant er det òg å høyre ein ung Johannes Dahle både solo og i samspel med bestefaren og læremeisteren sin. 
 

«Um upptakingi» 

I handskriftene til Rikard Berge ved Telemark Museum finn ein ei notisbok der Berge har skrive «Um upptakingi» på fyrste sida. Her har han gjort notat kring alle voksrullopptaka han stod for. Når det gjeld namna som er notert på dei ulike slåttane Dahle-karane har spela inn er det av og til litt uklart om dette er namn spelemennene sjølve har bruka, eller om det er namn Berge har notert fordi han sjølv kjenner til desse eller liknande slåttar under desse namna. Det ser også ut til at han har spela av opptaka for andre kunnige folk, då han har notert ned opplysningar om slåttane der han refererer til desse. I somme tilfelle har han skrive slåttenamn ein ikkje finn belegg for at har vorte nytta i Dahle-tradisjonen. Det er truleg at dei noterte slåttenamna av og til er basert på opplysningar frå Knut og Johannes Dahle sjølve, medan dei andre gongar botnar i kunnskap Berge sjølv allereie sat på, eller som han henta hjå andre i dei tilfella spelemennene sjølve ikkje orientera vidare om namn og tradisjonsliner. Det kan også sjå ut til at felespelarar i Dahle-tradisjonen med åra har teke i bruk slåttenamn som Knut Dahle ikkje nytta, særleg i tilfelle der andre former eller variantar av desse slåttane har etablerte namn i andre tradisjonsliner. Somme av slåttane har også fått namn etter at desse innspelingane vart gjorde. 

Når det skulle veljast namn på dei enkelte slåttane i denne produksjonen vart desse notata teke med i betraktningen, men også kva særleg Johannes K. Dahle har nemnt slåttane som på seinare opptak. Boka Som gofa spølå  har vore ei god kjelde for å gjera dette mest mogleg ryddig. I somme tilfelle har vala landa på å bruke både slåttenamna som er notert i Um upptakingi og namna som er mest nytta i dag. I enkelte tilfelle, der slåttane av ulike årsaker går under fleire namn i Dahle-tradisjonne, er det også nytta fleire alternative titlar. Etter slåttetitlane er det referert til dei originale voksrullane dei ulike opptaka er henta frå i parentes, slik dei er nummererte i samlinga etter Rikard Berge (RB 01, RB 02 osb.). På nokre rullar er det fleire opptak. Her har Berge merka dei ulike opptaka med a og b, noko som også er vidareført her (RB 01A, RB 01B osb.) 

Mange av opplysningane om slåttane er også henta frå Som gofa spølå. I tillegg er det teke med nokre opplysningar som Berge har notert i samband med dei ulike slåttane, der desse er relevante i samanhengen. 
 

LITTERATUR: 

  • Berge, R. (1998). Myllarguten ; Haavard Gibøen. Fylkesmuseet for Telemark og Grenland.
  • Buen, K. (1983). Som gofa spølå: tradisjonen rundt spelemannen Knut Dahle 1834-1921.  Rupesekken forlag.
     

Rikard Berge - Phonograph Cylinder  1-13 - Knut Dahle (1912)

 

1. Fyrispel etter Håvard Gibøen (RB 01A)  Knut Dahle
Det kan vera verdt å merke seg at dette kjende førespelet etter Håvard Gibøen er ein god del lengre i innspelingar med Johannes K. Dahle. 

2. Skuldalsbrure etter Håvard Gibøen (RB 01B)  Knut Dahle
Rikard Berge har i handskriftene sine kommentera at denne er uheil, noko som samstavar med at det høyrast ut som at Dahle ikkje rakk koma gjennom heile denne gangaren før rullen tok slutt. 

3. Nummer ein (Luråsen 1) (RB 02A)  Knut Dahle
Namnet «Nummer ein» skal koma av at dette var den fyrste slåtten Møllarguten spela for Ole Bull då Bull ville skrive ned slåttar etter honom. Bull spurde etter namnet, men Møllaren hadde ikkje noko spesielt namn på han. «Da får vi kalle den Nummer én, da!» svara Bull. Slåtten går elles også under namnet «Luråsen 1». Torkjell Haugerud sortera tre av gangarane som finst i variantar etter høvesvis Knut Lurås og Øystein Langedrag som Luråsen 1, 2 og 3 og Langedragen 1, 2 og 3. Då Rikard Berge spela av dette opptaket for Olav R. Berge på Rauland, sa Olav: «Den minnes eg Håvard spela mykje.» 

4. Fjellmannjenta (RB 03A)  Knut Dahle
Ein gong Knut Dahle var innom Håvard Gibøen spela Håvard denne gangaren fleire gongar for Knut. Håvard budde då i eldhuset på Skinnarland på Møsstrond. På heimvegen byrja denne slåtten å koma til Knut. Det eine taket kom etter det andre, og til slutt var heile slåtten på plass. «E’ fekk sli’ arbei’. E’ fekk det ‘kje tå me heile dagen,» fortalde Knut om dette seinare. 

5. Ragnhild Hægard (RB 03B)  Knut Dahle
Spelemannen og lensmannen Olav H. Bernås i Tinn sat ein gong saman med sønene sine, Olav Bernås Kvåle og Hans Ulleren, som også var spelemenn, og prata om ein slått etter Håvard Gibøen som dei ikkje kunne koma på. Ei som heitte Ragnhild Hægard (f. 1827) var tenestejente på Bernås, og ho overhøyrde denne samtala. Ho var god til danse og lika denne slåtten spesielt godt. God til tulle slåttar var ho òg og kunne slik setje karane på denne springaren. Etter dette vart slåtten kalla opp etter henne. 

6. Nummer ein (Luråsen 1) (RB 04)  Knut Dahle
Dette er same slåtten som spor nr 3 på dette albumet. 

7. Luråsen (Luråsen 2) (RB 05)  Knut Dahle
Knut Dahle spela fleire gangarar etter Knut Lurås, men det var denne han kalla for «Luråsen», fortalde Johannes Dahle. Rikard Berge har kalla slåtten «Luraasen ell. Langedragen» i notata sine. I dag er «Luråsen 2» det vanlegaste namnet på slåtten. Dette er den andre i rekkja av slåttar Øystein Langedrag og Knut Lurås spela ulike variantar av, og som Torkjell Haugerud systematiserte med tal (sjå det som står forklara under nr 3 på dette albumet). Starten på slåtten manglar på dette opptaket, noko som truleg er grunnen til at Rikard Berge har skrive «Fyrsten ikkje godt innspela» i notata sine.  

8. Pål Løytnantsdreng (RB 06)  Knut Dahle
Pål Løytnantsdreng (1786-1867) var ein spelemann frå Nore i Numedal. Han er det fleire slåttar etter i Lurås/Gibø-tradisjonen. Han var mykje i lag med både Knut Lurås, Håvard Gibøen og Møllarguten. Dette er ein av gangarane etter honom. 

9. Gyllar-Jørn (Gudbrandsdølen) (RB 07A)  Knut Dahle
Ein mann med namn Jørn, som langt attende i tid fór omkring i Telemark og forgylla søljer for folk, har fått namnet sitt knytt til denne slåtten, truleg fordi slåttestevet til denne gangaren handlar om denne gudbrandsdølen. Berge nemner denne slåtten både som «Jullar-Jørn» og «Gudbrandsdølen» i notata sine. I ein av versjonane av slåttestevet heiter det m.a. at: 
«Gyllar-Jørn, Gudbrandsdølen, åt opp maten og drakk opp ølen».    

10. Rotnheims-Knut (RB 07B)  Knut Dahle
Denne hallingen er det truleg at Knut hadde etter Olav Håkanes. I 1846 var Jørgen Moe og Theodor Kjerulf på ei reise gjennom Telemark, og kom då innom  eit gjestebod i Torkjellsbøen i Austbygde i Tinn. Der var Håkanesen spelemann. Moe skildra møtet med Olav Håkanes slik: «Denne gned med store kraftige Strøg, av og til med Klunk over alle Strængene og med Slag av Buen på begge Sider av Feleskallen, den bekjendte Danserythmus, hvortil man i Hallingdal har sat Ordene: Rotneims-Knut! Rotneims-Knut! De fins ikkje Gut som jagar’n ut!»  

11. Fossegrimen etter Håvard Gibøen (RB 08)  Knut Dahle
Knut Dahle lærde denne gangaren av Håvard Gibøen. Slåtten finst elles i mange former og utgåver, bl.a. i fleire former etter Møllarguten. Knut Dahle fortalde at ein gong Håvard dreiv og spela på denne slåtten, kom han stadig innpå ein annan slått. Håvard gav seg aldeles over då. «Eg hev no alli, alli sett makjen,» sa han; «at eg blandar denne slåtten hass Tarjei, som’n spila so jamt det fysst’n spila». Knut fortalde òg at son til Møllarguten, Torgeir Torgeirson, skal ha sagt at far hans nytta namnet «Fossegrimen» på denne; «…,men det høyrde aller e’n bruka,» sa Knut. I notata til Rikard Berge er slåtten likevel nemnd slik. Johannes Dahle bruka også dette namnet på han. I følgje notata til Berge har Aslak Sigurdson frå Vinje kommentert at dette ikkje er Fossegrimen, men Bordstabelen: «D’æ berre oto eit anna bygdelag,» sa Sigurdson. Vidare har Eivind Groven uttala at dette Knut spelar her er ei blanding av Bordkøyraren og Fossegrimen. Det er kanskje ikkje så rart at til og med Håvard Gibøen kunne rote litt med dette slåttestoffet av og til, jamfør det Knut Dahle fortalde. (Sjå elles kommentarane om slåtten på neste spor på dette albumet.)

12. Gangar etter Knut Lurås (RB 09)  Knut Dahle
Rikard Berge omtalar denne slåtten som sjeldsynt, og har i tillegg notert følgjande kommentar frå Aslak Sigurdson: «D’æ av Satanskvitane, spila på ein annan måte.»  Sigurdson spela sjølv inn ein variant av Fossegrimen for Berge som han kalla «Satanskviten». Elles nemner Berge at Eivind Groven påpeikar at eit tak i denne slåtten er likt med eit tak i nettopp Fossegrimen.

 13. Fan på bordstabelen (RB 10A)  Knut Dahle
Nokre karar dreiv og køyrde plank og bord ein gong det var så dårleg føre at hesten ikkje greidde draga det fram. Så var det ein som vart lei dette strevet, og byrja banne og sverte høglydt. Då kom det plutseleg fram ein svart hest, som drog heile materialstabelen laus med ein gong, medan køyrekaren sat og plystra og trampa takta på materiallasset. Det skal ha vore faen på bordstabelen. I notata til Rikard Berge er slåtten nemnt som «Bordstabelen». I Dahle-tradisjonen vert slåtten kalla både dette, «Bordkøyraren» og «Fan på bordstabelen».  

14. Fyrispel etter Gamle-Hans Fykerud (RB 10B)  Knut Dahle
Knut Dahle rekna Gamle-Hans Fykerud som den viktigaste læremeisteren sin fram til han høyrde Håvard Gibøen som 16-åring. Sjølv om han etter det la stor vinn på å legge seg mest mogleg etter Håvard, la han ikkje vekk slåttane og slåtteformene etter Gamle-Hans, til trass for at Håvard gav uttrykk for at han ikkje hadde særleg sans for dette «utmannspelet», som han kalla det. Einaste kommentaren Rikard Berge har notert til førespelet etter Gamle-Hans er «Godt».

15. Jon Vestafor (Floketjønn) (RB 11A)  Knut Dahle
Denne gangaren vert i dag som oftast kalla «Floketjønn» eller «Floketjønngangaren» med bakgrunn i historier om at Håvard Gibøen skal ha sett seg til ved Floketjønn på Møsstrond og dikta denne ein gong han vart kasta ut frå heimen av kona, Mari. Ein variant av historia vil ha det til at dette skjedde ein gong Håvard hadde kome alt for seint heim etter speling, og at Mari ikkje klara anna enn tilgjeva honom då han kom heim med denne slåtten. Slike historier medfører ofte at slåttenamn festar seg. Men i fleire tradisjonsliner vert slåtten ført attende til ein mykje eldre spelemann enn Håvard Gibøen; nemleg Jon Kjos frå Åmotsdal, som både Møllarguten og Håvard skal ha lært av. I notata til Rikard Berge står det at Eivind Groven har kommentera at slåtten Knut Dahle spelar her er «Kjosjasen». Berge sjølv bruka ikkje korkje namnet Kjosjasen eller Floketjønn som tittel på slåtten i samband med dette opptaket, men kalla han «Jon Vestafor». I Tinn kalla dei Jon Kjos for Jon Vestafe. 

16. Jon Vestafor (Jon Vestafe) (RB 11B)  Knut Dahle
Denne springaren er den slåtten som er mest kjend under namnet «Jon Vestafe». (Sjå opplysningar om dette namnet under spor nr 15 på dette albumet.)  

17. Langedragslått (RB 12)  Knut Dahle
Då Rikard Berge spela av dette opptaket for Olav R. Berge, kommentera Olav at Kjetil Håvardson, son til Håvard Gibøen, spela denne slåtten akkurat slik. På Møsstrond og Rauland går denne gangaren stundom under namnet «Draghaugen» - eit namn som også er knytt til ein heilt annan slått, som elles går under namnet «Helg» (sjå spor nummer 12 på album 3). Rikard Berge nemner slåtten som ein Langedrag-slått i notata sine, og  Johannes Dahle kalla han berre for Langedragen, slik bestefar hans også gjorde. Langedragen var Øystein Langedrag frå Seljord. Håvard Gibøen lærde ein del spel av Øystein. Når me veit at Olav R. Berge meinte at Knut Dahle og Kjetil Håvardson spela denne slåtten heilt likt, og både Berge og Johannes Dahle nemnde han etter Langedrag, er det ein sjans for at dette er ein av slåttane Knut Dahle lærde av Håvard, og som Håvard hadde etter Øystein. 

18. Håvard Gibøens bruremarsj (RB 13)  Knut Dahle
Dette er den einaste bruremarsjen ein veit om etter Håvard Gibøen. Det er heller ikkje umogleg at dette var den einaste bruremarsjen han spela, utanom «Møllargutens bruremarsj», som ein veit han lærde seg. Marsj var på Håvards tid eit relativt moderne fenomen. Den kjende «Bruremarsj frå Seljord», også kalla «Seljordsmarsjen», vert rekna som den fyrste marsjen som gjekk inn i Telemarkstradisjonen. Øystein Langedrag låg ute under Napoleonskrigane i 1807 til 1814 og fekk slik høyre militærmarsjar. Ein reknar med at det var slik denne marsjen hamna i Seljord og i Telemark, og at dette vart starten på bruremarsj-tradisjonen her. Før dette var det berre bruregangarar som vart nytta under seremoniane i bryllaupshøve. Ein kan vel ikkje seie at marsj-repertoaret blant felespelarar i slåttetradisjonen i Telemark i ettertid vart særleg voluminøst, men det kan sjå ut til at fleire av dei vart inspirerte til dikte eigne bruremarsjar då Øystein introduserte dei for denne slåttetypen. I mange av desse tilfella er det, naturleg nok, tydelege spor etter «Seljordsmarsjen». Det gjeld også for bruremarsjen til Håvard Gibøen. Men likevel er dette ein av dei mest originale og intrikate bruremarsjane ein finn i Telemark. 

 

Rikard Berge -  Phonograph Cylinder  14-27 - Knut og Johannes Dahle (1912)

1. Rekveen (Nils Rekves halling) (RB 14A) Knut Dahle
Namnet «Rekveen», som Rikard Berge har nytta i høve denne innspelinga, er som oftast knytt til ein heilt annan slått, som Knut Dahle spela i ei form etter Hans Hellos frå Bø (sjå spor 5, album 6). Denne slåtten er kalla opp etter Olav Rekve, medan den Rekveen det vert sikta til i gangaren Knut Dahle spelar her er Nils Rekve. Rekve-spelemennene var frå Voss. I Edvard Griegs opus 72 er denne slåtten kalla for «Nils Rekves halling», eit namn som er ført vidare i tradisjonen etter Knut Dahle. Både Knut Lurås og Møllarguten lærde seg slåttar etter Nils Rekve. 

2. Hellosgangar (RB 14B)  Knut Dahle
Dette er ein av dei fire gangarane Knut Dahle lærde av Hans Hellos Flatland (1812-1873) frå Bø i Telemark, og er eit godt døme på korleis Knut Dahle meistra å halde i hevd og vidareformidle slåttar i ulike former og variantar. (Sjå spor nummer 4 på dette albumet.) 

3. Rjukanfossen (RB 15A)  Knut Dahle
Sjølv om Knut Dahle var ein tradisjonsmedveten spelemann som la ned mykje arbeid i å bevare og vidareformidle slåttespelet slik han hadde lært det, var han òg ein skapande og kreativ spelemann. Han dikta fleire slåttar. Ein gong han hadde vore på Åmyrmarken på Rauland og høyrt både Møllarguten og Håvard Gibøen, la han på heimveg seint på kvelden. Det tok til verta så kaldt på turen at han vart truga til halde seg i rørsle for å halde varmen, sjølv om han var så sliten og trøytt at han berre lengta etter å legge seg nedpå. Men då han kom til Maristigen var det solrenning, og der sette han seg til kvile, med dunkinga frå Rjukanfossen i strie straumar nedunder honom som akkompagnement. Der søvna han. Då han etter kvart vakna att høyrde han denne slåtten, som han hugsa då han kom heim. Seinare spela han denne springaren for Kjetil Håvardson. «Hårr he du lært den slåtten der?» spurde Kjetil. Knut svara at den måtte han ha høyrt anten av Møllarguten eller av far hans, Håvard Gibøen. «Nei desse takja spela korkje far eller Myllaren – og så skjømeleg fine som dei var!» svara Kjetil. Difor måtte Knut innsjå at han sjølv truleg var diktaren av denne springaren, som er av dei mest populære slåttane me har den dag i dag.   

4. Han dryfte godt spelet, Knut (RB 16)  Knut Dahle
Ein gong Knut Dahle var hjå Håvard Gibøen spela han ein slått han hadde lært av Hans Hellos, og som er ein variant av ein slått Knut Lurås òg spela mykje. Knut ville høyre med Håvard kva han syntest om denne. Då Knut hadde spela ferdig sa Håvard: «Å, han dryfte ‘a godt spelet, Knut!»  Å dryfte er å sile ut det beste. Hellosvarianten spelar Knut Dahle på spor nr 2 på dette albumet.

5. Gangar etter Knut Lurås (RB 17)  Knut Dahle
Johannes K. Dahle kalla av og til denne gangaren for «Hellosen i Luråsform», noko som er litt baketter i og med at Luråsen var ein del eldre enn Hans Hellos. Knut Dahle spela denne i variantar både etter Knut Lurås og Hans Hellos Flatland. Namnet til Hans Hellos vart truleg klistra til denne slåtten då sjølvaste Møllarguten kalla han for «Hellosen» på mange av konsertane sine på midten av 1800-talet. Forma Knut Dahle lærde av Hans Hellos på denne slåtten er ganske annleis enn slik han lærde han av Håvard Gibøen, som hadde han etter Knut Lurås. På dette opptaket spelar Knut Dahle Lurås-forma. Rikard Berge har registrert slåtten som «Luraasslaatt».

6. Jarand Skinnarland (Skinnarlanden) (RB 19A) Knut Dahle
Jarand Skinnarland (1812-1901) var ein spelemann frå Møsstrond som med åra flytta til Kragerø. Håvard Gibøen skal ved eit høve ha teke fela frå Jarand og sagt: «Du lærer aller spila du, Jarand!» Møllarguten dikta eit slåttestev til denne springaren, der det, truleg smått sarkastisk, heiter: «Spela om du kan, Jarand Skinnarland.» Difor ber slåtten dette namnet. Berge har notert «Skinnarlanden» som namn på slåtten, men nemner med det same at Aslak Sigurdson kalla slåtten «Faan på likkista». 

7.  Knut Bekkjin (Bekkjinguten) (RB 20A)  Knut Dahle
Knut Bekkjin skal ha vore ein spelemann som spela ein slått for Møllarguten på Kongsbergmarken ein gong. Då han var ferdig sa han kjepphøgt til Møllaren: «Spel den etter, du!» Dette gjorde Møllaren på ståande fot, og då akkurat slik Bekkjin hadde spela han. Seinare herma Møllaren stadig dette sarkastisk når han spela slåtten: «Ja, spel den etter, du, sa Bekkjinguten te´ Myllaren!» Eit nyare namn på ei litt annleis form av slåtten er Prestegangaren. 

8. Gibøslått (Guro Heddeli) (RB 21A) Knut og Johannes Dahle
Knut og Johannes spelar her den fyrste slåtten Knut Dahle høyrde Håvard Gibøen spela då Knut var 16 år og syntest det lét så fint at han skulle ønskje han aldri hadde teke i ei fele. Berge har ikkje notert noko spesielt namn på denne gangaren i notata sine, anna berre kalla han ein «Gibøslått». Det skal vera Smedølane frå Seljord som sette namnet «Guro Heddeli» på slåtten, inspirert av diktsyklusen om denne segnomsuste jenta frå Grunningsdalen i Seljord, skrive av Jørund Telnes . I Hardanger, samt i somme tilfelle i Telemark, går slåtten under namnet Tjømbergen (ofte feilstava Tjønnbergen). Eit eldre namn i Telemark skal vera Sòllikrokan, eit namn som skriv seg frå eit elveleie i Åmotsdal, i nærleiken av der Jon Kjos budde .

9. Brynjulv Olsson (Haugelåtten) (RB 21B) Knut og Johannes Dahle
Knut og Johanne spelar her ein gangar etter høvesvis oldefar og tippoldefar deira, Brynjulv Olsson. Brynjulv var spelemann og fehandlar, og skal ha høyrt denne slåtten ein gong han gjekk i fjellet og leita etter ein stut han hadde mista. Han la seg etter kvart nedpå for å kvile, men vakna av at ei vakker jente med langt, ljost hår stod framom honom og song. «So ska’ du spølå, du Brønjuv´n Olsson, når du kjem heimatt te´ kjæring o´ bån. O´ nordafe´ nuten, der finn du stuten,” song ho før ho brått forsvann att. Brynjulv fann stuten nordafor nuten, og hugse også slåtten som jenta, som han tenkte måtte vera av haugefolket, hadde tulla på. Difor har slåtten ofte gått under namnet Haugelåtten, men er også av og til berre kalla opp etter Brynjulv sjølv. Knut Dahle lærde han av bestefar sin, Knut B. Sønnstaul, som hadde han etter far sin, Brynjulv. 

10. Sønnstaulen (RB 22)  Johannes Dahle
Johannes spelar her ein springar som har namnet sitt etter Ola K. Sønnstaul (1804-1830), son til Knut B. Sønnstaul. Han døydde ung, men skal ha vore ein veldig god spelemann. Ein gong han hadde kappspela med sjølvaste Myllarguten på Skogje i Sauland ei heil natt, meinte bonden på garden på morgonsida at Sønnstaulen hadde reist med sigeren. Dette lika Møllaren så dårleg at Sønnstaulen kom heim til Tinn med eit blått auga. «No ska´eg spølå morbro´Sønnstaul,» bruka Knut Dahle å seie når han drog opp denne slåtten. Johannes fortalde òg at av og til, når han og bestefaren hadde spela lenge og fela var oppspela og på sitt beste, hende det at Knut sa: «No æ fela so god at me kan spølå Sønnstaulen!» I notata etter Berge står det at Olav R. Berge har uttala at han spela slåtten akkurat likeins. 

11.  Langåkeren (RB 23A) Knut Dahle
Knut Dahle spela inn to former av denne gangaren for Rikard Berge. Den andre vert kalla «Gudvangen» (sjå spor 5 på album 3.)  Truls Ørpen meinte at «Langåkeren» hadde namnet sitt etter ein spelemann frå Krødsherad med namn Kittil Langaker. Medan Johannes Dahle sa at han var kalla opp etter ein spelemann frå Hallingdal. Då er det truleg snakk om Harald A. Langåker (1768-1838), som er den eldste kjende spelemannen ein veit om frå Nes.  

12.  Sindroen (Olav Sindro) (RB 24A) Knut Dahle
Dette er ein gangar Knut Dahle hadde etter Håvard Gibøen. Torkjell Haugerud hevda at slåtten hadde namnet sitt etter ein Olav Sindro frå Nore i Numedal. Denne spelemannen er ikkje kjent, men det vert spekulert i om ein plass med namn Roe i Eidståi i Nore kan ha blitt kalla Sinderroe, i og med at det var slagghaugar kring denne plassen, og eit anna ord for slagg er sinder. 

13.  Håvardstubben (Rasmus Svergje) (RB 24B)  Knut Dahle
Berge har notert denne springaren berre som «Gibøslaatt» i notata sine. Men i Dahle-tradisjonen er både Håvardstubben og Rasmus Svergje nytta som namn. Sverige var ein plass under Nigard Eikja i Bø, og Gunnulf Borgen fortalde Knut Dahle at Håvard Gibøen lærde denne slåtten av ein som heitte Rasmus og som budde der. Mari, kona til Håvard var frå Nistugu Eikja, ikkje så langt derifrå. Johannes meinte vidare at Håvardstubben var eit nyare namn på slåtten. Rasmus er også nemnt som Rasmus Hasarud. Hasarud var ein plass under Borgja i Bø.  

14.  Signe Ulladalen (Gregar Saga) (RB 25) Knut Dahle
Signe Ulladalen lærde Knut Dahle av Håvard Gibøen. Håvard skal ha lært av denne av Gregar Saga (1800-1874) frå Bø. Namnet er etter Signe Ulladalen (1781-1861), som var født i Tinn, men som kom med foreldra sine til Ulladalen i Suldal då ho var kring 6 år, og som var god til synge. Ho var vidkjent for å vera ei uvanleg ettertrakta dame og kunne difor velje å gifte seg med velhaldne karar. Men ho valde husmannsguten og spelemannen Jakob Olsen frå Kvildal i Suldal, som var tenestegut i Ulladalen då han trefte Signe. «Signe Ulladalen ho er mi, ho,» heiter det i slåttestevet til denne springaren. Signe var sterk og driftig, og sjølv om ein yngre bror med namn Østen fekk Ulladalen på odel, sat ho og Jakob til slutt att med to tredjedelar av Ulladalen. I notata til Berge står det at Olav R. Berge skal ha uttala at dette er ein slått Møllarguten bruka mykje. Det skal vera han som tok med seg denne slåtten frå Suldal til Telemark, og Gregar Saga kan ha høyrt denne springaren av honom. Det er elles slåttar kalla opp etter Signe Ulladalen i tradisjonen i Ryfylket som ikkje har noko med denne slåtten å gjera. På dette opptaket manglar det nokre tonar i slåtten, slik at takta bryt.

15.  Jon Vestafor III (Jon Vestafe 3) (Vestafeen) (RB 26A)  Knut Dahle
Denne springaren kalla Torkjell Haugerud «Jon Vestafe 3», truleg med bakgrunn i to slåttar som var meir kjende under namnet «Jon Vestafe» (sjå spor 15 og 16 på fyrste album.) Rikard Berge har også notert slåtten som «Jon Vestafor III» i notata sine, og nemnt slåtten etter Håvard Gibøen. Knut Dahle spela denne slåtten også i form etter Gunleik Svadde og Hølje Førlid (sjå spor nummer 19 på album nr 4).

16. Sauaren (Leiv Sauar) (Fivilbøen) (RB 26B)  Knut Dahle
Berge kalla denne springaren for «Sagafossen» i notata sine i samband med dette opptaket, men namna som er mest bruka på denne kjende springaren i seinare tid er «Sauaren», «Leiv Sauar» og «Fivilbøen». Andre variantar er «Folkedalen» og «Veneflamma», då særleg i Fykerud- og Løndal-tradisjon. På slutten av livet sa Knut Dahle til sonesonen sin, Johannes, at han visste om to slåttar han ikkje rakk lære av Håvard Gibøen. Det var «Sauaren» og «Møsstrondsfenta». Han oppfordra Johannes til å reise opp til Kjetil Håvardson på Møsstrond, son til Håvard, for å få lære seg desse. Men då Johannes kom til Kjetil var Kjetil så klein at han ikkje fekk treffe honom. Han gjekk difor i staden bort til Knut Vågen, sonen til Kjetil, og fekk lære desse to slåttane. Forma på «Sauaraen» Johannes då lærde av Knut Vågen er ei ganske anna enn den Knut Dahle spelar her. Leiv Sauar var ein spelemann frå Heddal som levde på same tid som Sagafossen frå same bygd. I og med at Knut Dahle sa at han ikkje rakk lære denne av Gibøen, er det truleg at han lærde denne springaren i tradisjon etter anten Tov (1825-1873) eller Halvor (1811-1841) Sagafoss, og iallfall frå andre kantar enn frå Håvard. 

17. Sålebindaren (Morten Sålebindar) (RB 27A)  Knut Dahle
Rikard Berge har i samband med dette opptaket notert: «Reint øydelagt, brukeleg uti enden.» Dette samstavar med at ein del av slåtten manglar på opptaket, slik Johannes og Gunnar spela han etter bestefar sin. Ola Sønnstaul lærde denne springaren av ein langeleikspelar i Vest-Telemark. Knut Dahle lærde han av morfar Knut B. Sønnstaul, far til Ola. I slåttestevet til denne springaren heiter det at: «E´ha´tjent hos Morten Sålebindar, e´.»  Andre variantar av slåtten går elles under namn som t.d. «Jåle-Ragnhild» og «Domparen».
 
18. Der ginge to piger i rosende lund (RB 27B)  Knut Dahle
Berge har ikkje notert anna enn «Der ginge to piger i rosende lund» i samband med dette opptaket. Men opptaket er eit prov på at felespelarar tidleg tok til med å spela visetonar på hardingfele.


Rikard Berge - Phonograph Cylinder 28-44 - Knut Dahle (1912)

Slåtteomtale kjem når albumet blir sleppt 30. januar 2026

Rikard Berge - Phonograph Cylinder 45-62 - Knut Dahle (1912)

Slåtteomtale kjem når albumet blir sleppt 06. februar 2026.

Rikard Berge - Phonograph Cylinder 63-77 - Knut Dahle (1912)

Slåtteomtale kjem når albumet blir sleppt 13. februar 2026

Rikard Berge - Phonograph Cylinder 78-90 - Knut og Johannes Dahle (1912)

Slåtteomtale kjem når albumet blir sleppt 20. februar 2026.

Rikard Berge - Phonograph Cylinder 91-171 - Knut og Johannes Dahle (1912 og 1916)

Slåtteomtale kjem når albumet blir sleppt 27. februar 2026.