Tre ord te de

ta:lik er glade for å kunne presentere denne plata med Marit Mattisgard. Marit er ein av dei fremste musikarane i Valdres i dag, og ho er kjenneteikna av kreativitet, grundigheit og av at ho har ein personleg, vakker og omfangsrik stemme. Marit har arbeidd som distriktsmusikar i Valdres, ho har laga fleire tingingsverk, vore på fleire turnear mellom anna med Anders Røine og ho har vore trekkplaster på fleire store festivalar. .

Musikken på plata er det ho sjølv som står ansvarleg for, men ho har hatt god hjelp av far sin, Rolf Karlberg, søstra Berit Selland og Magne Olav Selland og Ellen Marie Selland.

Platesleppet var på Jørn Hilme-stemnet 2003, og dette vart ei intim markering av den nye plata. Dette kan du lese om her Avisa Valdres: CD-slepp på Galleriet.

\ ta:lik


30.08.2003. Platemelding i avisa Valdres av plata til Marit Mattisgard: "Songskattar frå Marit. ... Arrangementsmessig har Marit lagt sjølvaste gullegget. Eit luftig og lett tonebilde. .. Marit poengterer og tydeleggjer innhaldet i tekstane, godt akkompagnert av ein spelteknikk på langeleiken som Marit har utvikla meisterleg".


TRE ORD TE DE

Det står ei bok i hylla mi som er heilt utsliten. Permane heng og sleng, og lause blad flagrar. Valdrestonar heiter boka, og ho har vore mitt faste følgje i snart 15 år. Det byrja med at far min meinte eg burde titte i ho, fordi eg lenge hadde vore interessert i folkesong, og ynskte meg fleire songar å velja i. Som vanleg når far min seier eg bør gjera noko, var eg ikkje spesielt ivrig etter å gjera det, men som vanleg gjorde eg det etterkvart likevel. Og det har eg ikkje angra på. Kvar gong eg slår opp i den boka, finn eg noko nytt. Det er rett og slett magisk, ei bok som veks i lag med meg – ei utømmeleg kjelde.

Det var Øystein Gaukstad som tok på seg arbeidet med å samle og systematisere over 1300 melodiar nedskrivne frå midten av 1800-talet fram til 1970-talet av ulike samlarar som Ludvig Mathias Lindeman, Olaus Islandsmoen , Erik Eggen og Øystein Gaukstad sjølv. Samlinga utgjer eit godt supplement til den levande folkesongtradisjonen og Valdres Folkemusikkarkiv. Valdrestonar kom ut i 1973 og dette er min vesle hyllest til 30-åringen!

Folkemusikken gjev godt rom for møte mellom generasjonane. I arbeidet med denne utgjevinga, der utgangspunktet har vore å finne songar for barn og unge, har eg ofte tenkt at desse tonane i grunnen ikkje har nokon aldersgrense.

Eg har plukka blant dyreviser, låttestev, ballader og bådnlåttar, og presenterer dei åleine eller saman med tonar frå tradisjonelle folkemusikkinstrument.

Tekstene er stort sett slik eg har funne dei som følgje til notane, nokre gonger har eg funne fleire vers andre stader. Målformene varierer noko etter kvar i Valdres visa er frå, og eg har stundom valt å forme teksten etter mitt eige talemål, som vel er mest prega av Øystre Slidre-målet.

Å laga folkemusikk av notar gjev i grunn stor friheit i utforminga, og arkiv og levande kjelder er gode korrektiv. Men sjølv med god folkemusikalsk ballast kan ein koma til å miste vakre og viktige nyansar i dei gamle perlene. Til gjengjeld vil kreativt minne, smak, og musikalsk påverknad stundom føre melodi eller rytme utover dei rammene notegrunnlaget set. Nokon fasit er dette difor ikkje. Men det er mi von at denne utgjevinga kan vera ein liten smakebit på alt Valdrestonar har å by på for liten og stor.

Takk til Berit, Ellen Marie, Magne Olav og Rolf for song og spel, resten av familien og Einar spesielt for tålmod, barnepass og gode råd, Heidi og Rune i StudioStabbur for godt stell og godt humør og Anders og Frode i Ta:lik for støtte, engasjement og pågangsmot.

\ Marit


Prosjektleiing: Frode Rolandsgard, Anders E,. Røine, Niels J. Røine og Marit Mattisgard Produsent: Anders E. Røine Innspilt og mikset i: www.studiostabbur.no ved Rune M. Glimsdal. Mastering: Lydmuren Produksjon: Lindberg lyd AS Språkkonsulent: Magny S. Karlberg Engelsk omsetjing: Rolf O. Karlberg Grafisk design: Eva Karlsson Tekstilfoto: Sidsel Røine Utøvarfoto: Esther S. Bergene Økonomisk støtte: Etnedal kommune, Ingvar Hegge, Nord-Aurdal kommune, Nord-Aurdal Mållag, Norsk Folkemusikkfond, Rådet for folkemusikk- og folkedans, Valdres Folkemusikkgruppe, Valdres Folkemusikklag, Valdres Mållag, Vang kommune, Vestre Slidre kommune, Øystre Slidre kommune, Øystre Slidre sparebank og Øystre Slidre spel- og dansarlag

Three words for you

Among my books there is one that is almost worn out. The cover sags and the leaves are loosening. The books name is Valdrestonar and it has been my companion for almost 15 years. It all started when my father advised me to look in to it. I had been interested in folksong for a long time, and wanted to learn more. As usual, when my father urged me to do something I was not to eager but also as usual, I started after a while to follow his advice. I haven’t repented this. Every time I open the book I find something new. It’s like magic- a never ending source.

In this book Øystein Gaukstad presents over 1300 melodies transcribed by several collectors and himself. The book is a valuable supplement to the living folksong tradition and the recorded collection in Valdres Folk Music Archive. Valdrestonar was published in 1973, and this CD is my homage at the 30th-aneversary.

I have chosen examples of different types of songs, like children’s songs, ditties and ballads, and present them alone or with tunes played on folk music instruments. The words are mainly those I have found with the written music. Sometimes I have found more verse somewhere else. The dialect varies somewhat depending upon the place of origin within Valdres. In some cases I have chosen to adapt the words to my own speech, with roots in Øystre Slidre.

The basis of written music gives you considerable freedom in interpreting the folk songs , and recorded songs and living tradition is a good guidance. The risk of losing valuable elements in these old pearls is always there. And sometimes creative memory and personal taste can influence the result. Anyway I hope this CD can give a little taste of what Valdrestonar can offer for children as well as adults.

I thank Berit, Ellen Marie, Magne Olav and Rolf for wanting to take a part in this. Thanks also to the rest of the family for patience, child care and good advise and to StudioStabbur and ta:lik for their brave support.