Telemark

TA179CD

TA179 Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Songen om Guro

Songen om Guro er ei nyutgjeving av den spennande diktsyklusen til Jørund Telnes om Guro Heddelid, med kvedaren Ingebjørg Lognvik Reinholdt!

Les meir / read more
TA167CD

TA167 Anne Hytta

Strimur

Hardingfelespiller Anne Hytta er ute med albumet Strimur, en serie funklende nye tolkninger av et knippe gamle slåtter fra Telemark.
- Jeg håper lytteren opplever noe forunderlig, noe fint, noe djervt og noe skjørt i musikken, sier felespilleren selv.

Les meir
TA155CD

TA155 Lars-Ingar Meyer Fjeld

Hardingfele

Bilturer med en folkemusikkinteressert bestefar som hørte på hardingfelespel på bilstereoen, førte til at Lars-Ingar Meyer Fjeld bytta ut fiolinen med hardingfele. De første åra veksla hardingfelespel med onlinespill som Counter Strike Source, men etterhvert fikk han erfarne læremestere og avanserte raskere på hardingfela enn på dataen.
 

Les meir
Sara Fjågesund Aase og Sigurd Telnes 4 Foto Dag Jensen

TA135 Sara Fjågesund Aase og Sigurd Telnes

Sogestrenger

«Sogestrenger» er eit resultat av den rike forteljar- og speltradisjonen i Seljord. Denne tradisjonen er ikkje lenger levande på same måte som før, då det blei fortalt, kvede og spela i mange stoger når skumrings-timen smaug til tuns.

Les meir / read more
TA119 Greinir

TA119 Per Anders Buen Garnås

Greinir

Per Anders Buen Garnås kjem her med ei fantastisk flott plate med solo hardingfele. Denne gongen har han laga alle slåttane sjølv, noko som er sjeldan innanfor for norsk hardingfeletradisjon. Vi er stolte av å kunne presentere denne samlinga!

Les meir / read more
TA120

TA120 Agnes Buen Garnås:

Sull

Ei fantastisk samling av barnesongar frå Telemark, presentert med tekstar og illustrasjonar i ein dobbel cd. Inkludert er også ein flott film som viser Agnes som underviser ungar i song. Agnes Buen Garnås blir rekna som landets fremste folkesongar, og fekk Norsk kulturråds ærespris i 2005.

Les meir
TA126CD_digipak_DAX122XX.indd

TA126 Gjermund Haugen

Drøymaren

Gjermund Haugen (1914-1976) var ein av dei verkeleg store spelemennene i norsk folkemusikk. Ingen har vunne Landskappleiken fleire gongar enn Gjermund Haugen, og spesielt er han kjend for låta Tjønneblomen.

Les meir / read more
TA105 med kant

TA105 Signe Flatin Neset

hardingfele

I 1912, då Signe Flatin Neset blei fødd, var Seljord ei bygd der det lavde av gode spelemennar.

Les meir / english
TA103CD_DA1X22XX.indd

TA103CD Ottar Kåsa

Ottar Kåsa

Ottar Kåsa vann Landskappleiken 2011 på fele, og ein del av premien var plateutgjeving på ta:lik. Platesleppet var på Landskappleiken året etter, og då arrangementet var ferdig hadde Ottar vunne Landskappleiken også dette året! Les meir / english
TA85CD_DA1X22XX.indd

TA85 Per Anders Buen Garnås

Seljord anno 1935

Per Anders Buen Garnås dreg på tidsreise til bygda Seljord i 1935. Verkemiddel er ei hardingfele og solid kunnskap om legendariske spelemenn. På plata møter du tidsuttrykk frå forne tider. Les meir / english
TA83CD_digipak_10.184.indd

TA83 Dei beste damene

Soli

Dei Beste Damene – frekke damer med feite strøk – platedebuterar med det dei kan aller best: beinhard trad på hardingfele. Utgjevinga Soli syner tre utøvarar som tolkar tradmusikken på svært så ulikt vis.
Les meir / english
TA81 coverbildebuen160 pixel

TA81 Ingvill Marit Buen Garnås og Per Anders Buen Garnås

Salme, segn og solbøn

På plata "Salme, segn og solbøn" dukkar syskjenparet Ingvill Marit Buen Garnås og Per Anders Buen Garnås ned i dei mange spennande, religiøse laga i folkemusikken. Ulike religiøse straumdrag har til alle tider sett merke etter seg i folkemusikken og i munnleg tradisjon knytt til denne. Førkristne og katolske motiv har smelta saman og levd vidare i songar og segn til lenge etter reformasjonen og fram til i dag. Les meir / english
Projekt3

TA73 Hått

B-burger

Det er ikkje eit tradisjonelt gamaldansband du møter her. Gutane spelar med gamal spelestil som minnar om spelestilen i slåttemusikken. Her er eldre tonalitetskjensle, hardingfelas tradisjonelle bogestrøk og ornamentikk, småveksoppbygging og urgamal toneføring i melodiane. Les meir / english
TA61for nett 700160 pixel

TA61 Furholt, Flatin og Løndal

Slåttar frå Setesdal og Telemark

Les meir / english
TA71 Gibøen coverfor nett 700160 pixel

TA71 Diverse artistar

Håvardspel - slåttar etter Gibøen

Håvardspel – slåttar etter Håvard Gibøen er ei rykande fersk utgjeving med gamalt hardingfelespel som er aktuelt som aldri før. Dette er dei vide, slake fjellvidders musikk.
I høve 200-årsjubileet for Håvard Gibøen (1809–1873) frå Møsstrond i Telemark ønskjer vi med denne utgjevinga å dele nokre av slåttane etter han med fleire lyttarar.
Les meir / english
TA57CD_digipak_DAX112XX

TA57 Torkjell Haugerud og Eivind Mo

Slåttar frå Telemark II

Les meir / english
TA56CD_digipak_DAX112XX

TA56 Johannes og Gunnar Dahle

Slåttar frå Telemark I

Les meir / english
Projekt1

TA54 Jens Amundsen og Odd Bakkerud

Slåttar frå Telemark og Hallingdal

Les meir / english
TA70for nett 700160 pixel

TA70DVD Diverse artistar

Norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv

For aller første gang har NRK åpnet sitt store fjernsynsarkiv for en DVD-utgivelse med folkemusikk. Her får du møte legendariske utøvere som Torleiv H. Bjørgum, Torleiv Bolstad, Johannes Dahle, Hilmar Alexandersen, Hans W. Brimi og mange flere - opptakene, som er innspilt i perioden mellom 1960 og 1995, er blant annet hentet fra portrettprogram med de ulike utøverne. Norsk Folkemusikk - Opptak Frå Fjernsynsarkivet byr selvfølgelig på mengder av musikk, men også "hjemme hos"-besøk, dans og spikking av seljefløyte.

Les meir / read more
TA51CD_digipak_DAX112XX

TA51 Diverse artistar

Trollviser og Kjempeviser

Den første plata i serien Norsk folkemusikk. Her tek dei for seg Trollviser, ridderviser, kjempeviser og dyreviser frå heile landet, og du får mellom anna møte songarar som legendariske Brita Bratland, Høye Strand og Ingebjørg Liestøl.

Les meir / read more
manheim booklet

TA47 Gudmund & Magne Manheim

Manheimspel

Magne og Gudmund Manheim kom frå ein spelemannsfamilie i Seljord i Telemark. Faren Harald var samtidig med Lars Fykerud, og lærte mykje spel av han. Magne lærde spel særleg av far og brør, ved sida av Torkjell Haugerud og Høye Kvåle i Seljord, og Gunnulf Borgen i Bø.

Les meir / read more
warg/buen_digipak_DA1X12XX

TA45 Daniel Sandén-Warg & Per Anders Buen Garnås

Warg/Buen

Endelig er den her, CD`en som har alt en norsk musikkutgivelse kan ønske seg - rykende fersk urgammel musikk! Daniel Sandén-Warg og Per Anders Buen Garnås glitrer i solo og samspill. Slåttene sprenger seg fram og ut av treverk og tagl, mens man hører nærværet av generasjoner av felespillere. Bli med på en reise gjennom tiden tilbake til fjellbygdene i Tinn og Setesdal, ledsaget av norges ledende felespillere, Daniel Sandén-Warg og Per Anders Buen Garnås. CD´en Warg/Buen inneholder slåttesmusikk på fele, hardingfele og munnharpe. Rydd plass til den i platesamlinga! Les meir / english
Projekt2

TA39 Kjetil Løndal

Løndalsspel II

Kjetil Løndal var ein av dei tre Løndalsbrørne, særs viktige tradisjonsberarar frå Tuddal i Telemark. Dette er den andre plata ta:lik har gjeve ut med Løndalsspel.

Les meir / english
TA30CDfor nett 700160 pixel

TA30CD Anne Hytta

dag, kveld, natt

– hardingfeleplate med tre klangbilde er solodebut-plata til hardingfelespelar Anne Hytta frå Sauland i Telemark. Det lyse – dag, skumringa – kveld, og det mørke – natt, er representert på plata gjennom tre ulike måtar å stemme fela på, noko som får fram ulike harmoniar og samklangar. Ei variert plate med slåttar frå Telemark er resultatet, slåttar Anne Hytta har i tradisjon etter læremeistrar som Einar Løndal og Knut Buen, dessutan lydbandopptak og noteoppskrifter.
Les meir / english
munnharpe booklet

TA29CD Diverse artistar

Fillevern (2CD)

Plateselskapet ta:lik er stolte av å presentere norsk munnharpehistorie, slik ho aldri har blitt presentert tidlegare. 2 CD-ar med fantastisk spanande opptak med munnharpe. Plata blir gjeven ut i samarbeid mellom NRK, Norsk munnharpeforum og ta:lik.

Les meir / read more
TA18CD_800160 pixel

TA18CD Einar Løndal

Løndalsspel I

Løndalsspelet representerar ei eiga grein i norsk folkemusikk. Tuddalsforfattaren O.J. Rui nemnde som karakteristisk ”..det mjuke og reine spelet og dei lette og ledige fingretaki”. Mange er dei spelemenn som har sett løndalsspelet som ideal og lagt seg etter den særeigne lyriske spelemåten i det. Det er ikkje mange spelemenn frå Telemark som er upåverka av løndalsspelet – og likeeins spelemenn frå mange andre bygdelag.

Les meir / read more
TA13CD_small160 pixel

TA13CD Eivind Mo

Hardingfele

Meisterspelemannen Eivind Mo frå Telemark vart av mange rekna som spelemennene sin spelemann. Han var formsikker og spelte med stor autoritet. I samarbeid med NRK og prosjektleiarane Stein Versto og Kjell Bitustøyl ga vi ut denne plata i 2004.

Les meir / english
ta9_-_190_pixel160 pixel

TA9CD Laget for Folkemusikk

Solo & samspill

Laget for Folkemusikk i Oslo har gjennom 100 år vore den viktigaste samlingsplassen for folkemusikarar og dansarar i Oslo. Her møttest spelemenn frå heile landet til samspel og samvær. Høgdepunkt har vi samla her!

Les meir / english